Eikhamrane Camping ligg 30 km sør for Utne og 16 km nord for Odda langs Fv 550. Campingplassen er ved fjorden i eit stille og vakkert område omgitt av frukttre. Her er fire hytter og 40 plassar for campingvogn og bo...
Eikhamrane Camping ligg 30 km sør for Utne og 16 km nord for Odda langs Fv 550. Campingplassen er ved fjorden i eit stille og vakkert område omgitt av frukttre. Her er fire hytter og 40 plassar for campingvogn og bobil og/eller telt. To av hyttene er på 15 m² med fire-fem sengeplassar og to hytter er 9 m² med to sengeplassar. Det er kjøleskap og kokemoglegheiter i hyttene, dusj og toalett er i eige bygg. Det er moglegheit for strømtilkopling for campingvogn, bobil og telt.
Eikhamrane Camping held ope i juni, juli og august.