Sidersleppet 2023 - Blømingshelg i Ulvik

Mai
19-21

Sett av helga 19. - 21. mai. Opplev Frukt- og Siderruta i kombinasjon med årets siderslepp og omvising på dei tre gardene; Ulvik frukt & cideri, Syse Gard og Hardanger Saft og Siderfabrikk.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon

Om

Tider for smaksprøvar med omvising på kvar gard:

Kl. 12.00 – 14.00 – 16.00 (Vil du ha omvising på alle gardane må du starta kl. 12:00)

Praktisk info:

* Alle gardane har ope gardsbutikk frå 10.00- 18.00

* Dei som køyrer privatbil startar på Lekve (har parkplass) – medan dei gåande kan starta på Hakastad

* Billettar kr 650 (ved kjøp direkte på garden kr 750

På Syse Gard kan du få kjøpt noko å bita i, eller du kan stikka nedom bakeriet Kàdn og Alde som har både påsmurt og anna godt. Opplev fruktbløminga og siderkulturen på nært hald og kom i skikkeleg god stemning i lag med alle dei fleire hundre som vandrar langs ruta denne dagen.

Laurdag kveld vert det konsert i bygda sitt ungdomshus. Novgorod / Fliflet byr på hardstsvingande finsk humppa, djuprøysta melankoli og variert musikk frå våre austlege naboland.
Arrengementet er i regi av Lyden av Ulvik

Kart