Heim med Joni
Sep
13

Hadde eg berre ei elv så lang Skulle føtene fly Ei musikalsk hylling av den store songlyrikaren Joni Mitchell med gjendiktingar av Frode Grytten, Agnes Ravatn, Linda Eide, Marit Eikemo og Ragnar Hovland. Kongressen, Brakanes Hotel 13 september 22.00

Booking

Om

Grensesprengande i tekst og tone har Joni Mitchell gjennom ei 50 år lang karriere vore ein inspirasjon og ei føregangskvinne for generasjonar av komponistar, musikarar, tekstforfattarar og musikkelskarar. Med røter i Modalen kjem ho heim til Vestlandet denne kvelden, der ein får oppleva nokre av Mitchell sine finaste songar i nynorsk språkdrakt framførd av eit riktig stjernelag.

Kart