Kom-deg-ut-dagen - Ulvik Turlag

Feb
05

Kom Deg Ut-dagen er DNT sitt store nasjonale turarrangement som blir arrangert 2 gonger i året, februar og september.

Om

I år har Ulvik Turlag fått med seg Gløgg 4H på KDU-dagen.

Me inviterar til bålkos med grilling av pølser, det blir kviss, tull og tøys i snøen (me satsar på snø) og kanskje tar Turbo turen og?

Stad for arrangementet kjem me attende til, når det nærmar seg.
Arrangementet er ope for alle, og gratis.

Turlaget stiller med pylser sponsa av Gilde, og det er 1 pylse pr. born i utgangspunktet. Alle er sjølvsagt velkomen til å ta med eigen mat og drikke i tillegg. 

Det vil og bli saft til borna, og kaffi til dei vaksne. Set stor pris på om folk kan ta med eigen kopp til drikka, så sparar me miljøet.

Kle dykk etter vèret, og ta med:

- sitjeunderlag

- ekstra mat og drikke

- kopp (ikkje eingongs) til drikke

Born må ha fylje, vaksne har ansvar for eigne born!

Vel møtt til ein kjekk dag ute!

Kart