Høyr høyr ulvikarar av alle slag, både godt vaksne og rampar frå Land og Strandebarm.
BookingMed to album og to EP-ar på baken, er Übertøs som ein trofast gjengangar å rekne i den norske rockunderverda. Når bandet ikkje herjar og turnerar, held bandet til i den heldigvis for mange ukjente Gravdalen i Bergen.
Nedi den litt fuktige dalen har dei over tid vist seg å meistre ein deilig type hypnotiserande rock med innslag av country og garage. übertøsbeistet er på det viset nådelaust og suger til seg alt av levande og halvdaude vesen når dei minst ventar det.