Valkyrien er her igjen – takk og pris!
BookingValkyrien Allstars er eit band i stadig utvikling. Sidan starten i 2003 har dei drege i nye retningar for kvar utgjeving. Med denne iveren etter å utforska og overraska har dei skapt eit særeige uttrykk innanfor norsk musikk. Med utgangspunkt i gamle slåttar og stevtekstar fornyar dei den norske folkemusikktradisjonen med inspirasjon frå jazz, blues, soul, rock og reggae. I musikken til Valkyrien finn me energi og sensualitet, løyndom og dramatikk. Og i eit gnistrande samspel lagar dei fire folkemusikk for framtida!
Bandet har gitt ut seks album og fekk Spellemannprisen i kategorien vise for si nyaste plate Slutte og Byne i 2020. Bandet har også tonesett dikt av Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Arne Garborg, William Shakespeare og Henrik Ibsen.