Poesifestivalen 2024
Sep
13-15

Tema for Poesifestivalen 2024 er diktsamlinga På Ørnetuva av Olav H. Hauge. 

Booking

Om

 

På Ørnetuva kom ut i 1961 og reknast som Hauge sitt store gjennombrot. Diktsamlinga tek opp tematikkar som einsemd, kjærleik, makt og maktesløyse. Sentralt står òg dikt som handlar om kva poesien gjer og kvifor den er nødvendig. Her finn ein eit stort poetisk overskot og dikting som skal særmerkje forfattarskapen til Hauge, som forankringa i den norrøne tradisjonen, dialogen med andre forfattarar og kombinasjonen av tradisjonelle og modernistiske trekk.

Årets Poesifestival tek pulsen på samtidspoesien med det lyriske mangfaldet i På Ørnetuva som utgangspunkt. 

Poesifestivalen utmerkar seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt.  Festivalen byd på eit lyrisk mangfald og tek pulsen på samtidspoesien. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar gjestar også kjende og kjære songlyrikarar festivalen. 

Denne helga i september tek Poesifestivalen heile bygda i bruk. I det tradisjonsrike ungdomshuset Elvatun finn du konsertar, Hauge-samtalen og festivalkro med lokale smakar på fat og i glas. Diktopplesing kan opplevast mellom epletre og sidergardar på landets einaste Frukt- og siderrute. I Haugesenteret finn du utstilling om Hauges liv og verk, lyrikk i mange former og museumsbutikk. Festivalen har òg arrangement i Hauge sin hage i tunet på Rossvoll.  

Ulvik herad er med i det internasjonale Cittaslow-nettverket og legg vekt på miljø, berekraft, lokale tradisjonar, innovasjon og gjestfridom. Under festivalen vil du møta engasjerte og gjestmilde frivillige på dei mange arenaene våre.  

Ver velkomne til ein innhaldsrik festival i Cittaslow-bygda Ulvik!  

Aktiviteter
Arrangementstyper
Atmosfære
Havnefasiliteter
Museum, gallerier og kunsthåndtverk
Målgruppe

Kart