Sigrid Moldestad m band// Stian Carstensen// Songria

Sigrid Moldestad m band// Stian Carstensen// Songria
Jul
13

Konsertkveld i tunet på husmannsplassen Kvemmadokkje. Det vert variert, mykje song og musikk, og av høg kvalitet! Sigrid Moldestad med band, Stian Carstensen og Ulvik-koret Songria står på programmet.

Om

Sigrid Moldestad har gjeve ut 7 soloalbum, dei to siste kom i 2023: «Regndråpeborna» med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, og den Spellemannsnominerte folkemusikkplata «Breim». Ho fekk også spellemannsprisen for den første soloplata si «Taus» i 2007 som handla om musikk etter kvinnelige felespelarar på Nord-vestlandet. Ho har motteke ei rekke andre prisar og utmerkingar for arbeidet sitt - og investert mykje tid i prosjektet «Pederhuset» i heimbygda Breim. Prosessen med å restaurere det gamle spelemannshuset vart mellom anna ein tv-dokumentar på NRK. Sigrid Moldestad har i tillegg til musikken jobba som skodespelar i fleire produksjonar i på Det Vestnorske Teateret, Teater Vestland og Den nasjonale scene i Bergen.

Jørgen Sandvik ( gitarer, banjo) Sigbjørn Apeland ( trøorgel, rhodes, piano)Kåre Opheim ( trommer)Anders Bitustøyl (bass)Roald Kaldestad ( gitarer, mandolin , Sigrid Moldestad (feler, vokal, ukulele)

 

Stian Carstensen er en av verdens fremste mulitinstrumentalister. Han trakterer bl.a trekkspill, gitar, banjo, sekkepipe, bulgarsk fløyte, pedal steel gitar, fiolin og leirgjøk.

Stian er fra Eidsvoll hvor han kommer fra en familie med 5 generasjoner trekkspillerepå begge sider.

Stians repertoar består av en miks av hjemmelagede og importerte musikalske elementer med hovedvekt på jazz, balkansk folkemusikk, bluegrass, country, og klassisk musikk. Han går heller ikke avveien for å hamre sammen humoristiske viser gjerne på eidsvollsdialekt ,og praktiserer improvisert verbalhumor av ypperste merke på scenen. Musikalsk brådiktning over forslag fra publikum er et varemerke.

Det fruktige damekoret Songria vart stifta i august 2023 etter at nokre av medlemmene hadde vorte eksponerte for mannskor og alkohol ved fleire høve i løpet av sommaren. Dei har ikkje noko krav til songstemme og har svært lite korerfaring, så at det lét som det gjer, kjem mest av øving og ambisjonar. Og flaks!

Koret Songria er som drikken sangria; mykje frukt, god sødme, friskt, leskande og bittelitt syrleg. OG ein vert både glad og litt ør i deira selskap.

Kart