Har du prøvd dei edle dråpane frå Hardanger? Velkomen til hjarte av norsk sider og frukt.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger, og det er ikkje tilfeldig at munkane byrja med fruktproduksjon i regionen på 1300-talet. Det unike klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple av særs høg kvalitet. Og når råvarene ikkje kan verta betre, ligg alt til rette for god sider og saft.
I generasjonar har dei berømte Hardanger-epla vorte pressa og prosessert til perfeksjon. Dei siste åra har dog populariteten, kvaliteten og standarden nådd heilt nye høgder. No kan Sider frå Hardanger skilta med fleire nasjonale og internasjonale prisar. På lik linje som Champagne, er «Sider frå Hardanger» ei geografisk beskytta nemning. Sideren, som er laga på eplejuice og gjæra på enten villgjær eller sjølve epleskalet, er karakterisert av ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak.
La historia og smaken av dei unike epla følga deg gjennom dei mange sider-produsentane i regionen. Kva med å kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden om bord sightseeing-fartøyet Vision of the fjords? Då får du oppleva skreddarsydde pakkar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur med det populære fartøyet. Eller kanskje eit besøk til Ulvik og den einaste frukt- og siderruta i Noreg freistar? Eller vil du prøva ein RIB-tur inn spektakulære Fyksesund og gardsbesøk på Steinstø fruktgard? Alternativa er mange, og du kjem ikkje til å verta skuffa.
Som Olav Bleie i Alde, mannen bak den mest selde sideren i Noreg, seier sjølv:
– Når folk får augo opp for dette her, er det ikkje nok epletre i Hardanger.
Opplev sider frå Hardanger og lær meir om produksjon, kultur og historie.
Fruktgarden inviterer inn på smakfulle skattar frå produksjonsrommet; mellom anna inviterer Hardanger Saft- og Siderfabrikk inn på smaking av sider, most, likør og brennevin av eple. Omvisingar for store og små grupper kan bestillast, og gardsbutikken bugnar av smakfulle delikatesser.
Syse Gard ligg langs frukt- og siderruta i Ulvik og er ein av dei tre besøksgardane. Syse Gard er ein tradisjonell vestnorsk gard med fruktdyrking og sauehald, og den er også eit Économusée.
Ulvik Frukt & Cideri er den fyrste av tre gardar langs den einaste frukt- og siderrruta i Noreg. Garden byr på omvisingar og lokale smakar i form av eplesaft, sider og andre smakfulle gleder.
Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.