Bokstavjakt/Bornas natursti - Haugesenteret/Ulvik turlag

Velkomen til årets bokstavjakt i regi av Ulvik Turlag og Haugesenteret. Bornas natursti tar deg med på eventyr rundt om kring i bygda.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse

Om

Naturstien har 8 postar med ein bokstav til løysningsordet samt lesetips, turtips eller anna innhald.

Ein tar postane i den rekkefylja ein sjølv vil, men husk å notere riktig bostav på riktig post.

Bokstavjakta høver for familiar med born opptil 12 år.

Fleire av postane kan ein nå frå sentrum, nokre må ein kjøyre til startpunkt, slik som Osa.

Diplom og premie til dei som fullfører.

Bokstavjakt-kort kan hentast på Haugesenteret, turistinformasjonen og Brakanes hotell.

God tur!

Sesong

Kart