Rosestova er ein liten og koseleg butikk med fokus på lokale og handlaga gåver og suvenirar.
Hos oss finn du vakker rosemåling, måla av lokale kunstnarar og butikkeigaren sjølv. Me har også handlaga steinfigurar og skiferskilt, strikka ullvarer, ulike treprodukt, sydde vesker og hekla gåver – alt laga med omtanke og kjærleik.
I tillegg fører me lokalprodusert honning, syltetøy og sjokolade. Me lagar også våre eigne kjøleskapsmagneter, og har sjølvsagt eit utval av tradisjonelle suvenirar.
Butikken har ope hovudsakleg ved cruiseanløp – velkommen innom for ein unik smakebit av lokal kultur og handverk!