Velkomen til konsert med Torleif Thedéen og Marianna Shirinyan! Den svenske cellisten Torleif Thedéen er rekna som ein av Nordens fremste instrumentalistar, med ei lang og internasjonal karriere som solist og kammermusikar på dei største scenene i verda. Med kraftfullt spel og stor musikalitet har han begeistra publikum i over fire tiår. Saman med den dansk-armenske pianisten Marianna Shirinyan – ein av Europas mest etterspurde kammermusikarar, kjend for sitt virtuose og fargesterke pianospel – byr han på eit møte mellom to musikarar i verdsklasse. Programmet spenner frå Sjostakovitsj til Barber og Richard Strauss, og lovar ei konsertoppleving prega av intensitet, nyansar og musikalsk nærleik.
I 2026 feirar Hardanger Musikkfest 30 år og inviterer til ei jubileumsveke fylt av sterke konsertopplevingar i vakre omgjevnader. Festivalen går føre seg 26.–30. august på Lofthus og rundt Sørfjorden i Ullensvang.
Fjord to Glacier Bike Day 2026 er ein ny, ikkje-konkurranseprega sykkeldag frå Jondal og opp mot Folgefonna. På ca. 18,4 km går ruta frå fjorden til høgfjellet – i ditt eige tempo.
Folk, opplevingar, bygder og kultur - alt dette og mykje meir - er med å gjera Hardanger til Hardanger. Kom tett på og bli kjend med den makelause regionen vår.
Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.
Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til regionen vår.
Velkomen til Hardanger – ei perle berre éin time unna Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland.
Ta kontakt med dei ulike turistkontora i Hardanger-regionen! Dei har stålkontroll og sit på mykje informasjon om dei ulike tilboda i deira område.