Eldhuset Gardsrestaurant

Smak på autentisk tradisjonsmat laga med lokale råvarer i Eldhuset Gardsrestaurant på Spildegarden i Øystese. Dagleg servering og sidersmaking om sommaren.

Booking

Om

I Eldhuset Gardsrestaurant på Spildegarden kan du nyta norsk tradisjonsmat med ein lokal vri. Kokkane lagar alle rettane frå botn av, med lokale råvarer i harmoni med naturen.

På Spildegarden haustar nemleg kokken råvarene direkte frå garden, noko som gjer matopplevinga ekstra spesiell. Anten om ein er på jakt etter ein lunsj eller middag, diskar restauranten opp rettar som tilfredsstiller dei fleste ganar. Her finn du med andre ord noko for einkvar smak! På Spildegarden har dei både innan- og utandørsservering. Fyrstnemnde er i det historiske eldhuset, medan utandørsserveringa kan skilta med fantastisk utsikt utover fjorden, Folgefonna og fjella i Hardanger.

Eit besøk til Spildegarden, som også passar godt for større grupper, kan kombinerast med sidersmaking for dei som ynskjer det. Alle sidrane er også produsert på garden i Øystese.

Om sommaren er det dagleg servering frå klokka 11 - 17. Sidersmakingar er klokka 16:30.
Sidersmaking, lunsj og/eller middagsservering er tilgjengeleg heile året for grupper.

Velkomen til Eldhuset Gardsrestaurant på Spildegarden i Øystese.

Sesong

Kart