Hardanger er ikkje ein favoritt berre om sommaren. Vinteren byr på store opplevingar i eit rolegare og klarare landskap. Her finn du både aktive vinteropplevingar og gode stadar å lada batteria, og me har samla det som faktisk held ope.
Trolltunga er tilgjengelig med guide om vinteren? Du kan til og med overnatta ved den snøkledde fjellformasjonen!
Hardanger har lite lysforureining, og på klare vinterkveldar får du ofte ein heilt fantastisk stjernehimmel
Fjellbygda Røldal er eit av Europas mest snørike område? Her går pudderalarmen støtt og stadig og byr på leiken nedkøyring for ein kvar smak!
Hardanger-regionen er omkrinsa av fjelltoppar med panoramautsiktar perfekte for topptur på ski?
Hardanger byr på meir enn du trur om vinteren, men det gjeld å velja dei tilboda, aktivitetane og attraksjonane som faktisk er opne. Start her og finn di vinteroppleving i Hardanger-regionen. Og for å gjera det enkelt for deg, har me lagd ei oversikt over alt som er tilgjengeleg i vinterhalvåret.
Sjå alle
Mange overnattingsstader i Hardanger har vinterpause, men nokre held ope og gjer vinterferien ekstra god. Her har me samla eit lite utval du kan stola på, og resten finn du i oversikta vår.
NB: Hugs å sjekka opningstider, særleg utanfor helger og feriar.
Sjå alle
Trolltunga er ei av verdas mest kjende fjellformasjonar og eit populært turmål i sommarhalvåret, men om vinteren får du oppleva ho i ei rolegare, råare og om mogleg endå meir spektakulær drakt. Med Trolltunga Active og Trolltunga Adventures kan du bli med på eit guida eventyr gjennom vinterfjellet og koma fram til utsikta som tek pusten frå dei fleste. Og det beste av alt? Om vinteren får du den ikoniske fjellformasjonen nesten heilt for deg sjølv.
Trolltunga er berre mogleg å oppleva med guide om vinteren, og du kan velja mellom dagstur eller overnattingstur.
Sjå alleRøldal er ei av dei få fjellbygdene på Vestlandet, og har vore eit viktig knutepunkt mellom aust og vest i fleire hundre år. I dag er bygda særleg kjend for store snømengder og Røldal Skisenter som ligg over tregrensa - perfekt både for nybyrjarar og erfarne skikøyrarar som vil ut i friare terreng. Du kan òg leiga utstyr om du ikkje har med ditt eige.
Etter ein aktiv dag i fjellet er det godt å samla seg inne i varmen. Like ved skianlegget finn du både gode serveringsstader og overnatting. Bygda kan også skilta med ei rik kulturhistorie, stavkyrkje og fine opplevingar i sentrum.
Vinteren i Hardanger er meir enn berre Trolltunga og skidagar i Røldal. Her treng du ikkje leggja ut på topptur for å få ei stor oppleving. Du finn vinteropne aktivitetar og attraksjonar som gir deg fjorden, naturen og vinterstemninga tett på – anten du vil vera litt aktiv eller berre nyta utsikta. Mange tilbod har vinterpause, men det er likevel mykje å velja mellom. Opplev fjordlandskapet på nye måtar, frå varme pausar og rolege dagar til guida fjordopplevingar og små eventyr.
Klikk her og bla deg gjennom favorittane og planlegg ein vinterdag som passar deg.
Det er ikkje berre naturen som imponerer turistane som tek turen til Hardanger. Regionen kan òg skilta med solide matopplevingar som festar seg i minnet. Her kan du krydra opphaldet med lokale delikatesser og gode måltid på stader som held ope gjennom vinteren. Smak deg gjennom alt frå eplemost, sider og syltetøy til lam, spekemat og rettar med råvarer frå fjorden og fjella.
NB: Også her kan det vera lurt å sjekka opningstider, særleg utanfor helger og feriar.