Buer Restaurant

Buer Restaurant

Med storslagen utsikt til Buarbreen ligg Buer restaurant idyllisk til i Buerdalen og byr på ei varm, ekte og uhøgtidleg atmosfære. Kokkar med erfaring frå Michelin-restaurantar lagar dei nydeligaste rettar basert på dagsferske lokale råvarer og saman med den spektakulære naturen er eit besøk hjå Buer restaurant ei magisk totaloppleving.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Omkransa av dramatisk natur ved innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark ligg Buer restaurant idyllisk til i eit fantastisk løebygg i Buerdalen. Som ein del av Buerdalen nasjonalparkgard har Bjørn og Elisabeth Buer laga til ein restaurant av verdsklasse kor ein får oppleva kulinariske rettar laga på lokale råvarer i sesong. Kokkane, som har erfaring frå Michelin-restaurantar i Bergen, serverer tallerkenrettar til lunsj og 3- eller 5- rettars meny med vinpakke ettermiddag/kveld som skiftast ut kvar månad. Buer restaurant har ei autentisk og kortreist matfilosofi kor dagsferske råvarer i sesong frå nærliggande fjord, fjell, skog og beite blir benytta til å lage dei nydelegaste rettar. Løebygget restauranten ligg i har ei varm, behageleg og uformell atmosfære kor alle er velkomne anten ein skal unne seg ein betre middag eller kjem svolten rett frå tur i fjella som omkransar Buerdalen. 

Buerdalen, som ligg 9 km frå Odda sentrum, er kjend for sin dramatiske natur med stupbratte fjellsider, fossande elveløp og Buarbreen, ein arm av Folgefonna isbre, som brer seg nedover fjellsida i toppen av Buerdalen. Så lenge det har vore turistar i Hardanger har Buerdalen vore eit attraktivt reisemål, og det er ikkje utan grunn. Forutanom at dalen i seg sjølv er fantastisk spektakulær er Buerdalen også utgangspunkt for ei rekke storslagne naturopplevingar. Her finn ein stiar som leder til panoramatoppar som Jordalsnuten og Reinanuten, samt stien som tar ein gjennom dalen og heilt opp til foten av Buarbreen. Dersom ein er av det ekstra eventyrlystne slaget kan ein også bli med Hardanger Breføring på guida brevandring på sjølve Buarbreen.

Hjå Buer nasjonalparkgard lev både dyr og mennesker godt, og kyrne, av typen skotsk høglandsfe, er ein attraksjon i seg sjølv. I kjellaren under restauranten er det sauefjøs, og ein kan faktisk få eit glimt av lambinga gjennom eit lite glasvindu frå restauranten dersom ein er heldig. Eit besøk på Buer restraurant er ei totaloppleving proppa av inntrykk kor spektakulær natur og unike smakar flettes saman. 

 

Sesong

Kart