Velkommen til Ulvik – Poesi, natur og livskvalitet i hjarta av Hardanger
Ulvik er ei lita og gjestfri bygd inst i Hardangerfjorden. Omgjeven av bratte fjell, grøne dalar og frukthagar, finn du eit stort mangfald av naturopplevingar, kulturaktivitetar og lokal mattradisjon.
Ulvik er medlem av Cittaslow-nettverket – ei internasjonal rørsle for livskvalitet, berekraftig turisme og gode lokalsamfunn. Samstundes er Ulvik kjend som poesibygda i Noreg, heimstaden til diktaren Olav H. Hauge.
Her kan du vandra i landskapet som inspirerte diktinga hans, besøke Olav H. Hauge-senteret, og oppleva ein rolegare rytme – i samsvar med natur og kultur.
I Ulvik finn du òg Noregs einaste Frukt- og Sider-Rute, der du kan vitja gardar, smaka lokal sider og læra meir om fruktdyrkinga i Hardanger.
Enten du vil gå i fjellet, padla på fjorden, eller oppleva kunst og historie, har Ulvik noko for dei fleste.
Legg turen til Ulvik og opplev det beste av Hardanger – i ditt eige tempo.
Opningstale ved Frode Grytten Lesing ved festivalpoetane Ida Börjel og Torild Wardenær Utdeling av Haugestipendet 2026 Musikk ved Annlaug Børsheim Vaksen kr 200 Student kr 100
Tenk om det kan bli som Hauge skreiv om at det som før var stengt skal opne seg syng Valkyrien Allstars på si nye plate. Dei syng like fint, om ikkje finare, enn før! Og dei er tilbake på Poesifestivalen! For ja, me blir jo aldri lei av eit av landets beste liveband, med ein av Noregs beste tekstforfattarar i front. Billett kr 550
Folkemusikkfenomenet Pumpegris er klare for Poesifestivalen! Dei kjem for å spreie norsk folkemusikk med fest og faenskap – nett slik han oppstod. Med vokalist Vera Sonne i front rører bandet seg mellom kveding og rap, og fangar det dansande drivet i folkemusikken. Pumpegris hentar impulsar frå funk, shoegaze, visepop og hiphop, og tek folkemusikken inn i eit uttrykk som er både nært, skittent og groovy. Debutskiva Fritids (2025), produsert av Tuva Syvertsen, er full av fengande låtar der norsk kulturarv møter notidas ungdom, slåttar møter rap, og fuzzgitar møter salmetonar. Tekstane er brutale og såre, humoristiske, dønn ærlege og ektefølte. Pumpegris har noko vilt eige over seg – noko publikum landet over har omfamna og elska. Ulvik
Med sine høge fjell, langstrakte fjord og idylliske fruktgarder, er Ulvik den perfekte staden for ein aktiv ferie. Både for deg som vil gå ein roleg søndagstur i bygda, og for deg som vil bestige ein spektakulær fjelltopp. Her er våre beste tips til ein aktiv ferie, både på land og i vatnet.
Opplev tradisjonar og fantastisk matkultur du seint vil gløyma.
Ulvik har ei lang og rik kulturhistorie. Innerst i «Perla» ligg ei rekke spanande og fascinerande spor av tida som var, med godt bevarte kulturminne i eit samfunn i stadig utvikling.
Ulvik er ein leikeplass for både små og store! Legg Noregsferien til bygda for ein fartsfylt og minnerik ferie i idylliske Hardanger. Klikk her for våre beste tips for familieferien i Hardanger.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.
Lurer du på korleis du kjem deg til Ulvik? Det er enkelt – anten du kjem med to eller fire hjul, langs sjøvegen eller til fots. Sjå her for informasjon om reisa inn til Ulvik.
Under opphaldet ditt i Ulvik kan ein fort trenge både det eine og det andre. Kanskje bilen stoggar, eller du treng legehjelp? Her er ei hendig oversikt over smått og stort for opphaldet ditt i bygda.