Ulvik har eit omfattande nett av turstiar i både fjell- og skogsterreng, og spenner frå rusleturar til krevjande vandringar i høgfjellet. Her vil vi gje nokre tips til planlegginga, men vi må oppmode om å bruke andre kjelder til informasjon i tillegg. Til dømes finn ein mykje nyttig informasjon på UT.no. Turistkontoret i Ulvik har og mykje informasjon om turar ein kan gå i og rundt Ulvik. Kom gjerne innom for ein tur-prat når du kjem!
Oppdag Ulvik til fots – Frå frukthagar til fjellturar
Ulvik er eit flott utgangspunkt for turar til fots. Her finn du alt frå enkle rusleturar gjennom frukthagar til krevjande dagsturar i høgfjellet – alt på merka stiar.
Ein lett og populær tur er Liavegen og Jobykset – denne ruta startar og endar i sentrum av Ulvik. Undervegs går du forbi frukthagar og gardsutsal som tilbyr sider, juice og lokale produkt frå bygda. Her får du flott utsikt og ein smak av Ulvik, heilt utan bil.