Øydvin Gardsturisme Hytter

Hytta Sjohageløo byr på lokal og rustikk overnatting ved Osafjorden. Kjenn på roa og kom tilbake til naturen i denne koslege hytta.

Om

Garden Øydvin ligg omlag 4 km frå Ulvik sentrum, i retning Osa. På garden vert det dyrka frukt og grønt, i tillegg til driv med kviger og sauer. 

Eigarane er opptekne av å føra kultur og tradisjonar vidare til komande generasjonar, gjennom formidling på ulike måtar. Ein av desse måtane er via opphald i tradisjonsrike hytta Sjohageløo:

 

Feriehuset ligg ved Osafjorden, omlag 4 km frå sentrum av Ulvik. Hytta har 3 soverom med to senger i kvart rom, bad med dusj/wc, vaskemaskin og turketrommel. Stove med eigen spisekrok og kjøkkenavdeling med elektrisk komfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin. I gangen er det ein fryseboks der de kan frysa ned fiskefangsten, og ved naustet nedanfor hytta ligg ein 14 fots båt med 15 HK påhengsmotor.

Camping og hytte
Sesong

Kart