Kom og lær meir om livet og verka til riksdiktaren Olav H. Hauge. Senteret inneheld omfattande utstillingar der du vert kjent med livsverket hans på ein spennande og interaktiv måte. Finn lyrisk ro på senterets lyrikkbibliotek, poesiverkstad og i kafeen ved fjorden.
Hauge-senteret ligg vakkert til på Brakanes ved Ulvikafjorden. Her blir du kjent med den store diktarens liv og verk og du kan oppdage poesi og lyrikk i mange former på nye og spennande måtar. Senteret inneheld utstilling, lyrikkbibliotek, poesiverkstad, museumsbutikk og kafé. Nynorsk kultursentrum som driv Hauge-senteret og Ivar Aasen-tunet i Ørsta blei kåra til Årets museum 2015.
Hardanger og Voss Museum, Folgefonnsenteret, Kraftmuseet og Olav. H. Hauge-senteret har inngått eit samarbeid om eit sommarpass for 2020-sesongen. Det vil seia at dersom du kjøper dette passet, betalar du full pris den fyrste staden og får 50 prosent rabatt hjå dei andre som er med i samarbeidet.