Når ein reiser i Hardanger er det flotte utsiktspunkt over alt. I Ulvik er det utsyn over fjord og fjell kvar du snur deg. Men om ein er ute etter det store utsynet kan vi hjelpe deg med å finne fram til nokre av dei beste utsiktspunkta.
I Ulvik er det fleire fantastiske stader der ein har utsyn over snødekte fjell, fossar og glitrande fjordar. Om du er ute etter ein fredeleg stad for å nyte stillheita og naturen, eller du treng eit nytt høgdepunkt for Instagram? I Ulvik finn du dette berre ein kort tur unna.
Jobykset:
Jobykset er eit utsiktspunkt som gjer deg alt Hardangerfjorden har å by på av spektakulære inntrykk, berre ein kort tur frå sentrum. Her i frå ser du ned på Osafjorden, den veglause garden Sygnestveit, og ei av verdas høgaste frittrennande fossar Balåi, totalt 850 meter, som renn ned frå dei over 1600 meter høge fjella som reiser seg rett opp frå havnivå. For meir detaljert vegleiing; sjå turskildring under vår oversikt over opplevingar i Ulvik.
Vambheim og Frystetjørni
Har du lyst på ein tur i skogen, der du framleis har fin utsikt over fjorden i Ulvik? Då kan turen opp til Frystetjørni vere eit godt alternativ. Når ein kjem litt opp i høgda på denne turen, vil landskapet opne seg og ein ser bygda og fjella frå ein ny vinkel. Spesielt flott er utsynet mot Vassfjøra, 1633 meter over havet. Her er det lett å finne fram, og eit flott mål for turen. Ein kan køyre bil deler av turen. For meir detaljert vegleiing; sjå turskildring under vår oversikt over opplevingar i Ulvik.
Frå frukt- og siderruta
Om du går opp Apalvegen, eller kanskje meir kjend som Siderruta i Ulvik, får ein snart utsyn mot fjord og fjell. Ikkje minst ser ein bygda og kulturlandskapet godt frå dette perspektivet. På det høgaste punktet på vegen finn ein Gardsbutikken på Syse, der ein kan nyte eit glas eplesaft og få utsikta med på kjøpet.
Stølsområdet Ossete
Turen opp til Ossete er ein av DNT sine historiske vandringar, og er godt skildra både på deira nettsider, og under turskildringane her på våre nettsider. Til trass i at stien går opp den trange Norddalen får ein fleire spektakulære utsyn. Ved Galdane, der våre Sherpa-vener frå Nepal har bygd trapper til oss går det rett opp, og ein kjem tett på fossane som stuper ned frå fjella.