Frystetjørn er eit lite vatn som ligg fint til i skogen oppunder midfjell i Ulvik. Her finn du ro og fred, og er det ein varm sommarsdag er det fint å ta seg eit bad her. Ein kan gå turen frå sentrum i Ulvik, eller bruke sykkel for å kome seg eit stykke på vegen. Langs vegen er det mange fine utsiktspunkt mot fjella på andre sida av fjorden.
Startpunkt
Ta av frå Vallavikvegen 572 like etter passering av brua over Vambheimselva i retning ut fjorden. Følg skilting til Frystetjødn opp Vambheimsvegen. Ta skarpt til venstre like etter passering av Lisebrekke.
Om løypa