Hardanger Guesthouse

Sentrumsnære Hardanger Guest House byr på eit triveleg opphald for heile familien, med ein romsleg hage kor små og store kan boltre seg. Hardanger Guest House har 18 familievennlege rom, med tilgang til ein flott badeplass og fisketilhøve ved campingplassen.

Om

Hardanger Guesthouse ligg knappe fem minuttars gange frå Ulvik sentrum og byr på 18 familievennlege gjesterom og eit fullt utstyrt hus med 5 soverom. Her finn du ein stor, romsleg hage med fleire moglegheiter for leik og moro. Nyt ein god frukost  eller kom innom for litt is og forfriskningar.  

Hardanger Gesthouse ligg ved ei brusande elv som munner ut i Ulvikfjorden med gode forhold for fiske og bading. Foran Hardanger Guest House ligg campingplassen med fleire overnattingsmoglegheiter. Du kan så opp telt, overnatte i ei av hyttene berekna for 4–5 personar, eller komma innom med campingvogn eller bubill. Campingplassen har badestrand, sanitetsområde med dusj og toalett, og leikeområde for borna og foreldra.

 

Sesong

Kart