Med sine høge fjell, langstrakte fjord og idylliske fruktgarder, er Ulvik den perfekte staden for ein aktiv ferie. Både for deg som vil gå ein roleg søndagstur i bygda, og for deg som vil bestige ein spektakulær fjelltopp. Her er våre beste tips til ein aktiv ferie, både på land og i vatnet.
Kajakkpadling på Fjorden i Ulvik
Det å gli stille langs land i ein kajakk gir deg ei fantastisk moglegheit til å komme det vakre fjordlandskapet. Ulvikafjorden er skjerma, noko som gir rolegare forhold enn mange andre stader i Hardangerfjorden, og er derfor populær for kajakkpadling og anna umotorisert ferdsel.
Ved badeplassen i Holmen er det gode forhold for å sette ut ditt eige utstyr. Her finn du også parkeringsplass og toalett. Om du ikkje har eige utstyr, kan du leige hos fleire aktørar i Ulvik:
For barnefamiliar og dei som vil ta ein kortare tur, tilbyr B-Active hos Strand Hotell sit-on-top kajakkar. Dei er lette å bruke og tilgjengelege for alle. Velkommen til Be Nature Drift AS - B-Active
For deg som ønsker litt meir eventyr, kan du leige utstyr for lengre turar hos Angr Kajakk. Dei held ofte til ved Brakanes Hotell og tilbyr utleige av dagsturkajakkar , guida turar og våttkort-kurs. Fullt utstyrte havkajakkar kan leigast av deg som har våttkort. ANGR
Sykkeltur i magisk landskap
Ein av dei flottaste måtane å oppleve Ulvik sin spektakulære natur på, er frå sykkelsetet. Ulvik har mange fine bygdevegar som passar for hele familien, eller du kan prøve deg på skogsvegane hvis du trives best i terreng. Syklar kan leigast hos B-Active. Når du leiger sykkel får du med det du treng av sikkerheitsutstyr. Spør og om eit kart med anbefalte sykkelturar i regionen. Sykkelutleige er for alle aldre, men ein bør kunne sykle.
Opplev Osa – Natur, historie og vaflar
Osa er eit spennande utgangspunkt for både fotturar og opplevingar. Her startar turen opp Norddalen, ei vill og vakker dalføre som fører inn til høgfjellet og den historiske vandreruta Hallingskeidvegen.
Etter turen kan du nyte belgiske vaflar i det gamle kafehuset frå kraftutbygginga – eit levande minne frå ei tid då Osa var planlagt som by.
For fleire aktivitetar og opplevingar i Osa, sjå B-Active-senteret: https://www.bactivecenter.com/... for oppdatert informasjon.
Vannski på Ulvikfjorden
Ulvik vass-skiklubb har lang erfaring med vannski både for dei som vil prøve for første gong, og for dei med meir erfaring. Vass-skiklubben held til i Holmen, ved fotballbanen og badestranda. Her kan du både kjøre vannski med ein skikkeleg båd, laga for konkurranse Vannskikøyringa er kvar onsdag, laurdag og søndag, og passar for både store og små. Du blir teke med ut på ei fartsfylt oppleving på Ulvikfjorden. Ved sida av vass-skiklubben er idrettsanlegget, med grasbane, løpebane, sandvolleyballbane og badeplass med stupetårn. Perfekt stad for ein aktiv og morsom dag.
Turar i bygd og fjell
Ulvikbygda er omkransa av høge fjell som strekker seg mot Hallingskeid og Finse i nordaust, og Hardangervidda i søraust. Det er mange fine turer i området, av varierande vanskegrad. I Ulvik finn du fjellturar for alle, både store og små.
Liavegen
Liavegen frå Ulvik sentrum er ein rundtur som passar for dei fleste. Turen er på 7,5 kilometer, med ca. 350 høydemeter og tar omlag 3 timer. Det er fantastisk utsikt mot bygda og fjella i vest, heile veien. Når du kjem på toppen har du panoramautsikt over fjorden.
Åsen rundt
Ein rundtur på ca. 2 timer på grusvei og sti. Denne turen passer for alle, og hvis du berre går på grusvegen kan du ha med barnevogn. Ruta har lite stigning, men byr likevel på fine utsiktspunkt over Osafjorden og Ulvik. Start ved idrettsanlegget i Holmen og følg skilta.
Midtfjell
Ein krevjande dagstur med mykje stigning. På toppen får du ein heilt unik utsikt frå 1255 moh utover det meste av Hardangerfjorden og fjella rundt. Hvis det er bra ver kan du sjå både Hardangerjøkulen og Folgefonna. Du bør ikkje gå denne turen utan godt utstyr og nok mat. Turen er ikkje merka og det er eit føremon å ha med lokal guide. Kontakt – ANGR
Kvasshovden
Ein raud tursti av den meir krevjande sorten. Turen tar deg frå Ulvik sentrum opp til toppen på 1030 høgdemeter. Turen tar om lag 3 timar opp og 2 timar ned. Når du kjem til toppen har du panoramautsikt over hele bygda.
Ossete
Ein del av Hallingskeidvegen og ei av Riksantikvaren sine historiske vandreruter. Turen tar omlag 2 timer opp, og har mykje stigning opp til stølen på om lag 550 moh. På turen får du oppleve eit mektig kulturlandskap. Stien går langs elva Norddøla og det er nydeleg fjordutsikt nesten heile vegen. Stien går vidare frå Ossete til Hallingskjeid og er en merka T-sti.
B-Active senteret ligg sentralt i Ulvik og tilbyr alt ein treng for ein fartsfylt, kjekk og aktiv ferie i Ulvik. Mellom anna kan du bli med på guida turar, diverse kurs innan villmarksliv, samt utforsking av dei gamle tunellane i Osa. Senteret har òg utleige av syklar, kajakkar og båtar.
Ulvik har eit omfattande nett av turstiar i både fjell- og skogsterreng, og spenner frå rusleturar til krevjande vandringar i høgfjellet. Her vil vi gje nokre tips til planlegginga, men vi må oppmode om å bruke andre kjelder til informasjon i tillegg. Til dømes finn ein mykje nyttig informasjon på UT.no. Turistkontoret i Ulvik har og mykje informasjon om turar ein kan gå i og rundt Ulvik. Kom gjerne innom for ein tur-prat når du kjem!
Sjå Ulvik frå 1065 meter over havet! Ein krevjande tur med ei fantastisk utsikt frå fjelltoppen. Opplev den norske naturen frå si flottaste side på veg opp Kvasshovden.
Flott 4-6 timars fottur langs elva Norddølo. Først i flatt og lett terreng innover dalen før det går rett opp sherpa-trappene langs fossen ved Storhaug, til Galdane og vidare opp til stølen. Før det siste stykket flatar ut inn mot stølen får du eit spektakulært utsyn mot Osafjorden.
Det lokale turlaget har lenge invitert til turglede og tilbyr guida fjellturar i område rundt om i Ulvik. Dei erfarne guidane er lommekjende for å forsikre at gruppa får ein trygg, minnerik og kjekk tur. Vert kjend med bygda "no og då" medan guidane fortel om lokalhistorie og kultur i den flotte, urørte naturen.