7 Kultur- og matopplevingar i Ulvik

Siderplanke Syse gard

Opplev tradisjonar og fantastisk matkultur du seint vil gløyma.

rose

Saman med fruktproduksjon er husdyrhald, særleg sau, den viktigaste driftsgreina i landbruket. Mattradisjonene heng naturleg saman med landbruksproduksjonen, og smaksopplevingane får ein ekstra dimensjon i det unike fjordlandskapet. Her er nokre av våre beste tips for å oppleve det beste Ulvik har å by på av kultur og matopplevingar.

rose

Frukt- og siderruta

I Ulvik finn du Noreg si einaste frukt- og siderrute. Ruta går langs Apalvegen og du kan besøke gardene Hardanger saft- og siderfabrikk, Syse Gard og Ulvik Frukt og Cideri underveis. Dei tre gardene gjev eit mangfald av opplevingar, og legg alle vekt på eit unikt besøk. Gardene produserer frukt og sider basert på lange tradisjoner, lokale råvarer og moderne teknikkar. Alle gardene har utsal og deilige smaksprøvar. Omvisning etter avtale.

rose

Kádn & Alde

Langs frukt- og siderruta finn du det lokale bakeriet Kádn & Alde. Her baker dei nydelege heimelaga brød og boller med ingrediensane økologisk mjøl, tid og omsorg. Bakeriet bygger på reine, naturlege råvarer og er opptatt av ekte handverk. Stopp innom bakeriet på frukt- og siderruta og kos deg med godt brød.

rose

Syse gard

Syse Gard er eit av 13 économusée i Norge. Eit économusée er levande handverksbedriftar og opplevingssentre. Dei viser fram handverket sitt og lar deg ta del i opplevinga. På Syse Gard får du møte handverk i sitt naturlege miljø, med foredling av frukt og lam basert på gamle tradisjonar. Syse Gard byr på ekte matopplevingar med den unike smaken av Hardanger. I gardsutsalet kan du kjøpe med deg den gode smaken heim.

rose

Poesi i verdsklasse på Olav H Haugesenteret

Olav H. Hauge er forfatteren som har skrive både det folkekjære diktet «Det er den draumen», og eit av de største litterære dagbokverka i Europa. Poesien hans er omsett til 25 språk, og mange store artistar har tonesett dikta hans. Ved Haugesenteret kan du oppleve både dikt og songar i ulike formar på tvers av språkgrenser. På senteret får du og oppleve dikt og forteljingar frå andre store poetar, i tillegg til Olav H Hauge. Utstillinga passer bra for både store og små.

rose

Syse Glas

Syse glas er ein spennande butikk i sentrum av Ulvik. Hos Syse Glas finn du både fargerike og glade glas med enkle formar, og Hardangerglas med gravering inspirert av lokale mønstre. Alt i butikken er blåst og gravert av Silje Syse. Ta med ein vakker og unik suvenir heim.

rose

Lokalt handverk i Handelslaget

Ta ein tur på Handelslaget og nyt lokalprodusert handverk. Her finn du lokalprodusert handverk både frå Ulvik og frå nabobygdene. Her kan du finne skattar som glas, keramikk, heimelaga syltetøy, garn og mykje, mykje meir. Vel verdt turen.

rose

Hjadlane Galleri i Osa

Velkomen til Lars G Polden atelier og galleri.
Du finn dei i Hjadlane galleri i Osa. Ta turen inn i det ukjende, inn til fjordbotnen, inn til kunsten og ein annleis måte å sjå verda på.


Sjå alle

Fleire reisetips