Syse Gard i Ulvik byr på smakfulle opplevingar med sider, frukt i mange fasongar og tradisjonelt foredla lammekjøt. Eigen gardsbutikk og kafé om sommaren.

Om

Velkomen til Syse Gard for ei rik mat- og sideroppleving. Inst i Hardangerfjorden, nærare bestemt i Ulvik, finn du Syse Gard midt i frukt- og siderruta. Her kan du gå frå sidergard til sidergard medan du ser utover den makelause naturen i Ulvik - perla i Hardanger.

I gardsutsalet, som er ope 6 dagar i veka mellom påske og jul, tilbyr dei foredla frukt i mange fasongar, frå syltetøy til saft og sider. Du finn óg tradisjonelt foredla lammekjøt som fenalår og spekjepølse - alt laga på garden.

Syse Gard har open sommarkafe frå 12 Juni - 12 August, så ta gjerne turen innom for spekefjøl eller siderfjøl. Gå til www.sysegard.no for utfyllande informasjon.

Velkomen til Syse Gard langs Frukt- og siderruta i Ulvik!

Sesong

Kart

Arrangement i nærleiken