Hardanger Saft og Siderfabrikk

Fruktgarden inviterer inn på smakfulle skattar frå produksjonsrommet; mellom anna inviterer Hardanger Saft- og Siderfabrikk inn på smaking av sider, most, likør og brennevin av eple. Omvisingar for store og små grupper kan bestillast, og gardsbutikken bugnar av smakfulle delikatesser.

Om

Hardanger Saft- og siderfabrikk produserer most, sider, likør, dessertvin og brennevin av eple.

Hardanger Saft- og Siderfabrikk arrangerar omvising på garden og i produksjonslokala. Ved omvisinga vert det fortalt om fruktproduksjonen på garden, framvisning og orientering om produksjonen av dei ulike produkta.

Det vert servert smaksprøvar, og gruppa får sjå seg om i produksjonsromma.

Berre førehandsbestilling.
Dei har sin eigen gardsrestaurant med matserving for grupper på meir enn 20 personar.
Her lagar og serverer dei tradisjonelle rettar laga av lokale råvarer. Lokala har sitjeplass til 80 personar, stor uteplass og flott utsikt over Ulvik og fjorden.

No er det mogleg å få kjøpa Hardangersider på fabrikken i samband med omvising. Sideren er også mogleg å finna på Vinmonopolet i fleire variantar

Sesong

Kart