Ulvik er ein leikeplass for både små og store! Legg Noregsferien til bygda for ein fartsfylt og minnerik ferie i idylliske Hardanger. Klikk her for våre beste tips for familieferien i Hardanger.
Det manglar ikkje på plass å boltre seg på i Ulvik. Få eit avbrekk frå A4-normalen med dei søte små og få eit rikt sansepåfyll sponsa av fjord og fjell. Anten de er ute etter ein roleg spasertur i fjellet eller actionfylte eventyr på land og strand, finn du det her i Ulvik.
Lyriske eventyr på Haugesenteret
Dyrk fantasien og skaparemna til borna gjennom poesi og lyrikk. Haugesenteret høver seg godt for kreativt påfyll for både store og små. Utstillinga er fargesprakande og interaktiv med moglegheiter for å utfalde seg blant lyrikk, poesi og diktarhistoria til riksdiktaren Olav H. Hauge. Aktivitetstilbod som Poesiverkstaden og Kattejakta stimulerer sansar og kreativitet for dei minste. Hald augo oppe for lokale arrangement for born og familiar i regi av senteret! For meir informasjon, sjå https://www.haugesenteret.no/
Badehygge i Holmen
For eit litt rolegare møte med fjorden, kan familien leggje turen til Holmen. Området har strandlinje, båtbrygge og flytebrygge for viltre krabatar å bryne seg på. Om det freistar meir å halde seg på land, kan familien ta ein runde med volleyball på sandbanen eller ein kjapp fotballkamp på grasbanen. For dei som ynskjer det, kan ein òg springe seg god og varm på løpebanen før ein forfriskande dypp i fjorden.
Utleige og guida tur med kajakk
Angr A/S tibyr utleige av kajakk, samt kurs og guida tur. For leige av havkajakk må du ha våttkort, men dei har og dagsturkajakk for deg med mindre erfaring med padling. Du må kunne svømme, samt bruke påkrevd utstyr i høve temperatur. Du kan leige alt naudsynt utstyr. https://angr.no/
I fotspora til ein diktar
I Ulvik går natur og diktning hand i hand. Dei merka stiane fører deg gjennom det same landskapet som inspirerte diktaren Olav H. Hauge – Gå i ditt eige tempo. Lat tankane vandra. Kanskje finn du noko nytt – i naturen og i deg sjølv.
RIB-tur med Hardangerfjord Adventure
Opplev fjorden på den raskaste måten. Kjekt for store og små, men merk at nedre aldersgrense er 5 år for dette.