Opplev magisk fjordlandskap med Hardangerfjord Adventure – frå fartsfylt RIB-safari til guida fjellturar i ekte vestlandsnatur.
Booking
Bli med på eit uforglemmeleg eventyr med Hardangerfjord Adventure! Dei tilbyr RIB safari på Hardangerfjorden gjennom påmeldingsturar frå fjordbygdane Norheimsund, Øystese og Ulvik. Turane frå Norheimsundog Øystese (sommarsesong) går til den dramatiske fjordarmen Fyksesund - den smalaste delen av Hardangerfjorden - kjend for stupbratte fjellsider, fossar og veglause grender.
Frå Ulvik (sommarsesong) går turane mot den imponerande Hardangerbrua og vidare inn i fjordarmene Simadalsfjord og Osafjord, der stille fjordlandskap, bratte fjell og kulturhistoriske grender skapar ei sterk naturoppleving.
I tillegg til påmeldingsturane tilbyr Hardangerfjord Adventure private gruppeturar på førespurnad frå store delar av Hardangerfjorden. Desse kan skreddarsyast med guida fjellturar, lokal mat og kulturopplevingar – for deg som ønskjer ei meir personleg og eksklusiv oppleving. Dei tilbyr òg båttransport til og frå den bortgøymde grenda Botnen, djupt inne i Fyksesund.