Topptur på ski med Hardangerfjord Adventure

Bli med Hardangerfjord Adventure på guida toppturar med panoramautsikt over Hardangerfjorden, majestetiske fjell og den imponerande Folgefonna.

Booking

Om

Hardangerfjorden er omkransa av ei rekkje fjelltoppar som byr på spektakulære utsyn. I vintersesongen tilbyr Hardangerfjord Adventure guida skiturar til fjell som Torefjell, Byrkjefjell, Tveitakvitingen, Vesoldo/Tørvikanuten, Geitafjell, Skrott, Fargaseteggi og Onen, samt ikoniske toppar som Oksen og Gygrastolen.

Våre erfarne guidar er lokalkjende og vel dei beste rutene med tanke på både utsikt og nedkøyring. Dei legg stor vekt på tryggleik og tilpassar turane etter gruppa sine ynskjer og ferdigheiter, med omsyn til vêrforhold og skredfare.

Kvart år arrangerer Hardangerfjord Adventure ferdigpakka toppturhelg som inkluderer guiding, overnatting, måltid og andre aktivitetar.

 

For meir informasjon og booking, besøk Hardangerfjord Adventure.

 

Sesong

Kart