Utforsk dei spektakulære fjella i Hardanger på ein guida og skreddarsydd tur med Hardangerfjord Adventure.
BookingHardangerfjord Adventure tilbyr guida turar på førespurnad til lokale perler, seterstøler, utsiktspunkt og definerte fjelltoppar i området rundt Norheimsund, Øystese, Strandebarm og Jondal. I dette området får ein i stor grad gå i fred og ro med lokalkjende guidar i nydeleg fjordlandskap.
Hardangerfjord Adventure skreddarsyr gjerne slik at turen vert akkurat slik du ynskjer deg!
Lette turar (2-3 timar): Dette er enkle turar som eignar seg godt til både familiar, nybyrjarar og mindre grupper. Turane går enten i stor grad på grusveg og/eller sti til eit vatn utan særleg stigning, eller kortare turar med stigning opp til eit lett tilgjengelig utsiktspunkt med flott utsikt. Perler som Fitjadalsvatnet, Krokavatn, Skårsete og Vikedalsnebbet kan nemnast som fleire av guidane sine personlege favorittar.