I Friluftshovudstaden Ullensvang er vegen mellom store natur- og kulturopplevingar kort.
Det er mykje å utforske i Ullensvang - kommunen som omfattar områda Ullensvang, Odda og Jondal. Her finn du Noregs kanskje største frukthage, rik kulturhistorie, isbreen Folgefonna, siderproduksjon og spanande industrihistorie. I tillegg til nasjonalikonet Trolltunga, kan Ullensvang også skilta med flotte fotturar som Dronningstien, Husedalen og Buardalen.
Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Kor enn du er i kommunen, vil du vera nær ei stor oppleving i fri luft. Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Ullensvang har dessutan status som nasjonalparkkommune, og husar både Folgefonna og Hardangervidda nasjonalpark. I tillegg er Jondal er ein av Noregs fem nasjonalparklandsbyar, og er eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar.
Musikken har fulgt Tuva Lutro heile livet. Ho har opptredd på små og store scener rundt omkring i heile landet. Men éin scene har ho aldri stått på før: sin eigen.
Bandet som "aldri går av scenen i tørr smoking" byr på ein kveld det svingar av - i Øystese
Terje Isungset Ice Quartet kjem endeleg tilbake til kraftstasjonen – med instrument av ekte is!
I Hardanger finn du den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Når du står på platået og svevar 700 meter over Ringedalsvatnet, er det lett å forstå kvifor turistar frå heile verda kjem for å oppleva Trolltunga.
Utforsk den sørligaste isbreen i Noreg og ta del i kjekke opplevingar du seint vil gløyma. Folgefonna er eit eldorado for både store og små.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.
Utforsk Hardanger på ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.
Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke.
Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Fjordsafari med gardsbesøk, privat fjordcruise, fartsfylte ribbåtturar, meditativ kajakkpadling - Med 179 km fjord er det opplevingar i fleng å utforske på Hardangerfjorden.
Turistinformasjon i Odda
Brosjyrar og digital informasjon er tilgjengelege så lenge terminalen er open: kl. 05.00–20.30.
Frå 1. november 2026: Digital turistinformasjon via telefon: + 47 48 07 07 77 og e-post: turist@ullensvang.kommune.no. Terminalen er ope som vanleg, men det vert ingen fysisk bemanning.
NB: Ny lokasjon ved busstasjonen - Odda terminal: Smelteverket 33, 5750 Odda.
Turistinformasjon i Kinsarvik:
Stengt for sesongen.
Turistinformasjon i Jondal:
Stengt for sesongen.
Turistinformasjon i Røldal:
Stengt for sesongen.
Du kan bruke turist@ullensvang.kommune.no og tlf.: 480 70 777 for alle førespurnader som gjeld Ullensvang kommune.
Odda, Kinsarvik og Jondal:
Telefon: 480 70 777
E-post: turist@ullensvang.kommune.no
Røldal:
Telefon: 973 35 006
E-post: info.roldal@hardangerfjord.com
I sommar har du høve til å oppleva meir kunst, kultur, historie og poesi langs Hardangerfjorden og på Voss – til ein lågare pris.