Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.
Kontaktinformasjon
Om
⚠️ Viktig informasjon – stengt veg opp til Trolltunga
Skjeggedalsvegen, vegen opp til Trolltunga, er stengt for all ferdsel både for bilar og gåande til og med søndag 7. juni grunna rassikringsarbeid i området. Det er ikkje mogleg å ta seg inn til startpunktet for turen i denne perioden, og ingen personar må bevege seg inn i anleggsområdet.
Trolltunga stikk ut frå berget 700 meter over Ringedalsvatnet. Turen opp til Noregs mest spektakulære fjellformasjon går for det meste i høgfjellsterreng og er lang og krevjande. Men du får løn for strevet – der oppe ventar eit praktfullt utsyn!
Om sommaren kan erfarne turgåarar ta fjellturen på eiga hand. Startar du fotturen på parkeringsplassen P2 i Skjeggedal, brukar du 8–12 timar på den 27 km lange rundturen til Trolltunga. Du kan òg starte frå P3 Mågelitopp. Derifrå er rundturen på 20 km og estimert gangtid er 7–10 timar.
Det går skyttelbussar mellom Odda, P1 Tyssedal og P2 Skjeggedal. Frå P2 Skjeggedal går det skyttelbuss vidare til P3 Mågelitopp. Meir informasjon om transport og ruteinformsjon til Trolltunga finn du her.
Stien er solid og god, og skilt langs stien viser kor langt du har gått, og kor langt det er igjen til Trolltunga. Det er mobildekning på store delar av turen.
- Lengde i km 20-27
- Ekspert
- Fjell
- Fjellterreng
- August
- Høst
- Juli
- Juni
- September
- Sommer
- 10 timer
- 11 timer
- 12 timer
- 7 timer
- 8 timer
- 9 timer