Skjeggedalsvegen, vegen til startpunktet for turen til Trolltunga, er stengt grunna akutt rasfare og sikringsarbeid. Det er ikkje lov å ferdast på vegen, verken med bil, sykkel eller til fots – men Hardanger har framleis mange flotte turar og opplevingar å by på i området. Sjå her for meir informasjon.
Kultur i Hardanger er meir enn museum. Her finn du kunst, historie og levande tradisjonar - frå trebåtbygging og hardingfele til konsertar og lyskunst.
Denne sommaren har kommunen lagt til rette for at ein kan vigsle seg ved fleire unike kultur- og naturperler som Agatunet, Folgefonna og Trolltunga.
Hardanger byr på meir enn eventyrleg vakker natur – her finn du ei rekke unike overnattingar som gjer ferien din til ei oppleving utanom det vanlege.
I Hardanger finn du den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Når du står på platået og svevar 700 meter over Ringedalsvatnet, er det lett å forstå kvifor turistar frå heile verda kjem for å oppleva Trolltunga.
Utforsk Hardanger på ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.
Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke.
Fjordsafari med gardsbesøk, privat fjordcruise, fartsfylte ribbåtturar, meditativ kajakkpadling - Med 179 km fjord er det opplevingar i fleng å utforske på Hardangerfjorden.
Utforsk den sørligaste isbreen i Noreg og ta del i kjekke opplevingar du seint vil gløyma. Folgefonna er eit eldorado for både store og små.
I sommar har du høve til å oppleva meir kunst, kultur, historie og poesi langs Hardangerfjorden og på Voss – til ein lågare pris.
Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Hausten i Hardanger må opplevast! Med flotte fargar, fine turmogelegheiter og vakkert fjordlandskap får heile du regionen får deg sjølv. Har du ei ledig helg eller nokre dagar fri er det Hardanger du bør besøkja.
Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Ta turen til heile Noregs frukthage, dra på gardsbesøk og nyt edle dråpar, lokalmat og kultur i Hardanger-regionen.
Du kan bruke turist@ullensvang.kommune.no og tlf.: 480 70 777 for alle førespurnader som gjeld Ullensvang kommune.
Odda, Kinsarvik og Jondal:
Telefon: 480 70 777
E-post: turist@ullensvang.kommune.no
Røldal:
Telefon: 973 35 006
E-post: info.roldal@hardangerfjord.com
Odda:
Vekedagar: 09.00 til 15.00
Laurdag - Søndag: 10.00 til 17.00
NB: Ny lokasjon ved busstasjonen - Odda terminal: Smelteverket 33, 5750 Odda.
Kinsarvik:
Ope kvar dag 10.00 - 17.00 frå 18.mai til 02. august.
Jondal:
Ope kvar dag 10.00 - 17.00 frå 20. juni til 30. august.
Røldal:
Ope kvar fra i juni - august frå 10:00 - 17:00