Siderdronninga i Sørfjorden

Edel sider x Yrjan Olsnes 2021 01771

Sider frå Hardanger har verkeleg vore i vinden dei siste åra. Arita Åkre frå Nå er blant dei som står i spissen for å løfta fram dei edle dråpane frå regionen.

rose

– Eg er ein person som er opptatt av å skapa noko som kan bidra til verdiskapning for felleskapet. Eg trur og meiner at livet ikkje berre handlar om dagen i dag, men heller kva denne dagen kan gjera for morgondagen.

Servert på Oscar-utdelinga

Det seier siderprodusent og fruktbonde Arita Åkre. For berre nokre år sidan hadde ho ein god jobb i den norske olje- og gassindustrien. Ho hadde neppe trudd deg dersom du sa at ho kom til å vera ein prisvinnande siderprodusent berre nokre år seinare. Ho hadde i alle fall ikkje trudd deg dersom du sa at dei kom til å servera sideren hennar på «Nordic Oscars» under den prestisjefulle Oscar-utdelinga i Hollywood. Men alt dette og mykje meir har Arita og ektemannen Gjermund klart på relativt få år.

rose

No er kvardagen ganske annleis enn som ingeniør i oljebransjen. I dag har Arita ansvar for sal, marknadsføring og utvikling av verksemda. Under merkevara «Edel» har ho og Gjermund dei siste åra fokusert på produksjon av eplemost, brennevin og Sider frå Hardanger. Sistnemnde har paret utvikla og tatt fleire skritt vidare ved bruk av champagne- og charmant-metoden. Det er enklare sagt enn gjort.

– Folkeopplysning er ein stor og viktig del av jobben. For folk flest er den kommersielle «sideren» ei billig importvare på boks. Mange har fordommar om sider, så eg jobbar mykje med å få fram dei store skilnadane, og ikkje minst for at Sider frå Hardanger skal få si anerkjenning ut i verda.

– Heldigvis er me ikkje åleine om dette. Dei fleste siderprodusentane har eit felles mål om at Sider frå Hardanger skal få riktig posisjon i marknaden. EDEL Sider-produkta og snart fruktdestillatane har tatt ein sterk posisjon i restaurantmenyane. Me har løfta sideren til restaurantar med både 1, 2 og 3 Michelin-stjerner i Noreg og utlandet. Me har kome eit stykke, men har mykje å utforska og jaktar alltid på den perfekte sideren.

July 06 2018 DJI 0015 HDR
rose

Eit nytt flaggskip

Samarbeidet Arita trekk fram, er verkeleg rosverdig. Det dukkar stadig opp nye aktørar, men det tykkjer etablerte produsentar som Edel berre er kjekt. I Hardanger, spesielt i Sørfjorden, ligg siderprodusentane tett i tett, og alle heier på kvarandre. Nokre av dei større produsentane lånar gjerne bort utstyret for at naboen også skal lukkast. Det er gjennom samarbeid og felles løft dei skal få det til.

– Eg meiner det er viktig å nemna at hovudkarakteren, som skal ha den største æra for dette løftet, nemlig er madam eple. Eplebonden som jobbar dag og natt for å produsera kjelda til evig liv, er også en viktig aktør. Å vera blant aktørane som løftar fram merkevara vår, er ein draum. Eg har aldri i mitt liv, sjølv med høge ambisjonar, trudd at eg skulle få vera med på noko så viktig og spanande.

Det finst allereie fleire gode måtar å oppleva Sider frå Hardanger på. I alle fall no som dei edle dråpane er å få kjøpt på mange restaurantar, barar og vinmonopol. Arita trekk likevel fram ein måte å oppleva dei fruktige produkta på. Nemleg å besøka ein sidergard og sjå korleis dei lagar prisvinnande bobler.

– Reis på sidersafari i Hardanger og få ein litt meir hands on-tilnærming. Då sit du att med større forståing og eigarskap til produkta. Opplevinga blir større neste gong du sit heima og skal nyta ei flaske Sider frå Hardanger, anbefalar Arita.

Innsidetips frå Arita

Sørfjorden har vore eit populært reisemål i fleire hundre år, og det har ikkje vorte mindre populært dei siste åra. «Siderbølga» skal absolutt få sin del av æra for dette, men det er eit hav av andre produkt og attraksjonar som også er med å lokka turistar frå heile verda. Dette er Arita sine beste tips før du vitjar Hardanger.

rose

- Stå på ski om sommaren med utsikt til Sørfjorden og siderprodusentane med tilgang til god mat og drikke.

rose

- Mitt største tips er kanskje å kombinera store naturopplevingar med kultur. Kjøp lokale produkt og møt produsentane. Denne kombinasjonen gjer at du får ei fin historie du kan fortelja frå ferien din, avsluttar Arita.

Sjå alle

Fleire reisetips