Trolltunga Aparthotel

Trolltunga Aparthotel

Trolltunga Aparthotel er eit sjarmerande leilegheitshotell i Tyssedal - omkransa av stupbratte fjellsider og utsikt til Hardangerfjorden.

Booking

Om

I Tyssedal - ikkje langt unna startpunktet for fotturen til Trolltunga - finn du Trolltunga Aparthotel. Det sjarmerande leilegheitshotellet tilbyr overnatting i 15 leilegheiter med fin utsikt og balkong på romma.

Leilegheitene inneheld blant anna fullt utstyrt kjøkken, baderom, kabel-TV og internett med høg hastighet. Dei tilbyr også lading av el-bilar, for dei som kjem med dette.

Den sentrale plasseringa i Tyssedal, gjer Trolltunga Aparthotel til eit godt utgangspunkt dersom du ynskjer å gå til Trolltunga i løpet av opphaldet ditt i Hardanger-regionen.

Like i nærleiken finn du restauranten til Tyssedal Hotel. Her kan du nyta eit godt måltid om kvelden - etter ein dag med minnerike aktivitetar på dagtid.

Sesong

Kart