Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Tripadvisor

Om

Trolltunga stikk ut frå berget 700 meter over Ringedalsvatnet. Turen opp til Noregs mest spektakulære fjellformasjon går for det meste i høgfjellsterreng og er lang og krevjande. Men du får løn for strevet – der oppe ventar eit praktfullt utsyn!



Om sommaren kan erfarne turgåarar ta fjellturen på eiga hand. Startar du fotturen på parkeringsplassen P2 i Skjeggedal, brukar du 8–12 timar på den 27 km lange rundturen til Trolltunga. Du kan òg starte frå P3 Mågelitopp. Derifrå er rundturen på 20 km og estimert gangtid er 7–10 timar.

Det går skyttelbussar mellom Odda, P1 Tyssedal og P2 Skjeggedal. Frå P2 Skjeggedal går det skyttelbuss vidare til P3 Mågelitopp.



Stien er solid og god, og skilt langs stien viser kor langt du har gått, og kor langt det er igjen til Trolltunga. Det er mobildekning på store delar av turen.

 

Du gjere lurt i å starta tidleg på morgonen. Hugs at vêret i høgfjellet kan skifte brått og at det alltid er kaldare på høgfjellet enn nede ved fjorden. Sjekk vêrmeldinga før start. Fjellturen til Trolltunga krev at du er i god form, og at du har med deg nødvendig utstyr. Ta med varme klede, klesskifte og rikeleg med mat og drikke.
 

Vi tilrår å vandre med guide, med mindre du har gått mykje i den norske fjellheimen. Trolltunga Active og Trolltunga Adventures byr på både dagsturar og tur med overnatting i leir på fjellet. Guiden vil sørgje for ei trygg og minneverdig oppleving. Vil du ha ei meir utfordrande oppleving? Då er Trolltunga Via Ferrata perfekt! Turen kombinerar sykling, trygg fjellklatring og vanleg fottur.
 

I månadene juni–september kan erfarne turgåarar vandre på eiga hand. Frå oktober til ut mai månad tilrår vi guida turar, og på vinterstid kan du dra på guida trugetur.
 

Korleis kjem eg meg til Trolltunga?

Trolltunga ligg i Skjeggedal ved Tyssedal, nær Odda i Hardanger. For å komme til startpunktet for fjellturen til Trolltunga kan du køyre i eigen bil eller reise med skyttelbuss.

Informasjon om turen til Trolltunga, parkering og transport finn du på: https://no.trolltunga.com/ 

Vis omsyn i høgfjellet – og hjelp oss ta vare på naturen vår!

 

Gradering
Natur og terreng
Sesong

Kart