Hardangerfjorden opnar «Best of the World 2027»

Rowboat hotel sundal mauranger hardangerfjord

National Geographic har kåra Vestland til eitt av dei beste reisemåla i verda for 2027. Hardangerfjorden, Folgefonna og Trolltunga er blant høgdepunkta i guiden, og heile lista opnar med eit bilete frå Sundal i Hardanger.

rose

Biletet som opnar lista

Kvart år set National Geographic saman lista «Best of the World» med hjelp frå skribentar, fotografar og utforskarar over heile verda. Opningsbiletet for 2027 viser ein robåt på blankt vatn under bratte, grøne fjellsider. Det er teke i Sundal i Mauranger, ein sidearm av Hardangerfjorden – og i båten sit Caroline og Harald, vertskapet på Hotel Sundal.

Hotel Sundal er eit lite hotell frå 1889, nede ved kaia i Sundal, med elleve rom og kveldsmeny laga av råvarer frå små produsentar i nærleiken. Robåten høyrer heime her: Frå 1860-talet frakta folk i bygda is frå Bondhusbreen i robåt over Bondhusvatnet, og vidare med hest og kjerre ned Isvegen til kaia.

Les hovudsaka hos National Geographic

Hotel Sundal web 26
rose

Hardangerfjorden

Hardangerfjorden strekkjer seg 179 kilometer inn i landet. I bildeteksten til opningsbiletet kallar National Geographic han den nest lengste fjorden i Noreg og den femte lengste i verda. Langs strendene har folk dyrka frukt, bygd trebåtar og spelt hardingfele i generasjonar.

I mai er fjordsidene kvite av fruktblomar, og om hausten står eple og saft til sals rett frå gardane.

Blomstring i Hardanger · Kultur i Hardanger · Fjordopplevingar i Hardanger

Hardanger blomstring bunad frukttre fjord
Fruktblomstring tur langs hardangerfjorden
Fruktblomstring hardanger turgaarar
Holme hardangerfjorden drone
rose

Folgefonna

Over fjorden ligg Folgefonna, den sørlegaste og tredje største isbreen i Noreg. National Geographic trekkjer fram Folgefonna nasjonalpark i Vestland-guiden sin. Med stegjern og isøks går du mellom bresprekker og blå is saman med breførarar frå Folgefonni Breførarlag, frå juni til oktober. Om sommaren kan du også padla brekajakk mellom isflak heilt inn til brefoten.

Vil du forstå breen før du går på han, startar du på Folgefonnsenteret i Rosendal, besøkssenteret for nasjonalparken. Senteret ligg rett ved snøggbåtkaia og fortel om isbreen, vatnet si reise og livet i Hardangerfjorden.

Brevandring isoks folgefonna
Brevandring bresprekk folgefonna
Brevandring blaa is folgefonna
Glacier kayak by Eksponert Media
Glacier Kayak Folgefonni Breforarlag c Stale Sundfjord Large
rose
Tips frå Hardingen: Bondhusvatnet

Det grønblå brevatnet treng verken guide eller fjellerfaring. Frå parkeringa i Sundal går du 2,3 kilometer langs elva på den gamle Isvegen, slakt oppover heile vegen. Rekn om lag to timar tur–retur. Vegen går fint med barnevogn, og turen kan gåast nesten heile året. Bur du på Hotel Sundal, har du turen nesten utanfor døra. Ved vatnet står ein stein med namnetrekket til dronning Sonja – det var her ho opna Folgefonna nasjonalpark i 2005. Følg skiltinga på staden.

Bondhusvatnet · Hotel Sundal

Bondhusvatnet x Yrjan Olsnes 2021 09501
Bondhusvatnet haust turgaar
Bondhusvatnet robat bondhusbreen
Bondhusvatnet robat spegling fjell
Hotel Sundal 4
rose

Trolltunga

Om lag 700 meter over Ringedalsvatnet stikk Trolltunga ut i lufta – eit stupebrett for gudane, skriv National Geographic. Frå Skjeggedal er turen om lag 27 kilometer tur–retur og tek 10–12 timar. Det er ein krevjande fjelltur, så start tidleg og sjekk vêret før du går.

Med guide frå Trolltunga Active eller Trolltunga Adventures – begge nemnde i Vestland-guiden – kan du leggja turen til soloppgang eller solnedgang. Turen er heller ikkje berre for sommaren: Med guide kan du gå til Trolltunga også om hausten og vinteren. Vil du oppleva både solnedgangen og soloppgangen, kan du sova på fjellet.

Slik opplever du Trolltunga · Unike overnattingar i Hardanger · Frå Trolltunga til fjorden – to dagar i Hardanger

Trolltunga raud jakke ringedalsvatnet
Trolltunga ringedalsvatnet hardanger 1
Trolltunga solnedgang ringedalsvatnet
rose

Meir enn Nat Geo-lista

National Geographic plukka ut tre høgdepunkt, men Hardanger har fem kommunar og langt fleire. Sju forslag til deg som vil sjå meir:

  • Vøringsfossen, Eidfjord – ein av dei mest kjende fossane i Noreg, med trappebru over juvet.
  • Dronningstien, Ullensvang – panoramatur høgt over Sørfjorden, med Folgefonna på andre sida.
  • Fire fantastiske fossar, Ullensvang – fire fossar på same sti opp Husedalen frå Kinsarvik.
  • Steinsdalsfossen, Kvam – fossen du kan gå bak, like ved Norheimsund.
  • Frukt- og Siderruta, Ulvik – ei rute mellom fruktgardane i Ulvik, der du møter dei som dyrkar frukta.
  • Baroniet Rosendal, Kvinnherad – Noregs einaste baroni, med rosehage, kunstutstillingar og konsertar.
  • Røldal Skisenter, Ullensvang – skisenter over tregrensa, kjent for djup snø og frikøyring.
rose

Slik kjem du deg hit

  • Bil: Hardanger ligg om lag éin til tre timar frå Bergen, alt etter kvar i regionen du skal.
  • Buss: Skyss-buss 930 går frå Bergen til Odda på om lag tre timar. Skjeggedal, startpunktet for Trolltunga, ligg om lag 20 minutt med bil frå Odda. I sesongen går det shuttlebuss.
  • Båt: Hardangerfjordekspressen går frå Bergen til Rosendal, der Folgefonnsenteret ligg ved kaia.

Kom deg til Hardanger

rose

Les sakene hos National Geographic

Klar for Hardanger? Sjå opplevingar og overnatting og planlegg turen din i 2027.

Trolltunga ringedalsvatnet hardanger

Ofte stilte spørsmål

National Geographic trekkjer fram Hardangerfjorden som den nest lengste fjorden i Noreg og den femte lengste i verda, Folgefonna nasjonalpark, og Trolltunga, som stikk ut 700 meter over Ringedalsvatnet. Trolltunga Active og Trolltunga Adventures er nemnde som guidar.

Biletet er teke i Sundal i Mauranger, ein sidearm av Hardangerfjorden i Kvinnherad. I robåten sit vertskapet på Hotel Sundal.

Frå Skjeggedal er turen om lag 27 kilometer tur–retur og tek 8–12 timar. Turen er krevjande og bør startast tidleg på dagen.

Ta Skyss-buss 930 frå Bergen til Odda, om lag tre timar. Derifrå er det om lag 20 minutt til Skjeggedal, og i sesongen går det shuttlebuss.

Nei. Breen har sprekker og skal berre gåast med breførar, til dømes Folgefonni Breførarlag. Bondhusvatnet i Sundal er ein lett tur utan guide, med utsikt mot breen.

Mai gjev fruktblomstring og fossar i full kraft. Sommaren er sesongen for breturar, padling og Trolltunga, og hausten for innhausting og roleg fjordliv. Om vinteren ventar snødekte fjell og djup snø i Røldal Skisenter, eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg – og med guide kan du gå til Trolltunga også denne årstida.

rose
Kort fortalt:

National Geographic har teke Vestland med blant 25 reisemål på seks kontinent i «Best of the World 2027», publisert 20. oktober 2026.

Vestland er det første reisemålet på lista. Opningsbiletet er teke i Sundal i Mauranger, og i robåten sit vertskapet på Hotel Sundal.

Frå Hardanger trekkjer guiden fram Hardangerfjorden, Folgefonna nasjonalpark og Trolltunga.

Trolltunga Active og Trolltunga Adventures er nemnde som guidar til Trolltunga.

Meir å oppleva i Hardanger

Hotel Sundal
Overnatting

Hotel Sundal

Bu mellom fjord og fonn på historiske Hotel Sundal i Kvinnherad. Nyt lokalmat, lyden av naturen og nærleik til Hardanger sine mest ynda turmål - som Bondhusvatnet, Folgefonna og Trolltunga.

Folgefonnsenteret
Attraksjoner

Folgefonnsenteret

Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.

Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Folgefonni Breførarlag

Utforsk Folgefonna nasjonalpark med varierte aktivitetar: Bli med på bretur på Juklavassbreen eller prøv breklatring mellom Botnabreen og Jordalsbreen. Nyt kajakkpadling på fjorden eller kombiner det med breopplevingar.

Folgefonna nasjonalpark
Attraksjoner

Folgefonna nasjonalpark

Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg. Kjernen i nasjonalparken er isbreen Folgefonna som er den sørlegaste og tredje største isbreen i landet. I og rundt nasjonalparken e...

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Trolltunga
Aktiviteter

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Trolltunga Active
Aktiviteter

Trolltunga Active

Opplev ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i verda saman med Trolltunga Active. Aktivitetsselskapet og dei spesialutdanna guidane deira tilbyd eit tosifra antall spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga – heile året.

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga om vinteren på ein guida tur med Trolltunga Adventures frå mars til mai!

Vøringsfossen
Attraksjoner

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur
Aktiviteter

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Fire fantastiske Fossar, Husedalen
Aktiviteter

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Utforsk dei majestetiske Husedalsfossane på ein 3-6 timars tur frå Kinsarvik til Hardangervidda. Stien er godt merka og tilbyr spektakulær natur og varierte ruter.

Steinsdalsfossen
Attraksjoner

Steinsdalsfossen

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Frukt- og Siderruta, Ulvik
Attraksjoner

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Baroniet Rosendal
Attraksjoner

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er det einaste baroniet i Noreg og Skandinavias minste slott. Baroniet ligg sentralt i Rosendal og er kjent for sitt rike kulturprogram og sin rosehage.

Røldal Skisenter
Aktiviteter

Røldal Skisenter

Stå på ski i Hardanger. Røldal Skisenter, blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge, er perfekt for både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar.

Hardangerfjordekspressen Rødne
Aktiviteter

Hardangerfjordekspressen Rødne

Hardangerfjordekspressen tek deg med frå Bergen til Rosendal, der du kan besøke Baroniet med sin storslåtte rosehage, verdas største kunstinstallasjon Salmon Eye, få med deg interaktive utstillingar på Folgefonnsenteret, og mange fleire fantastiske opplevingar!

Sjå alle

Fleire reisetips