Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Våren er verkeleg spektakulær i Hardanger. Ikkje nok med at fossane og kontrastane i naturen kanskje er på sitt største, men dette er tida når alle frukttrea i regionen vaknar til liv. Med grøne bakkar, snødekte toppar og buldrande fossar, har du den perfekte ramma for å nyta fruktblomstring i Hardanger. Men når på året skjer det eigentleg?
Svaret på dette spørsmålet endrar seg frå år til år. Blomstringa startar som regel i midten av mai og varar i om lag éin månad. Når det er sagt, er dette noko som varierer stort. Temperaturen tidlegare på våren speler ei stor rolle, så nokre år byrjar blomstringa allereie i april. Eit godt tips er å ta kontakt med dei lokale turistkontora i Hardanger for meir nøyaktig informasjon om blomstring i Hardanger.
Det er ingen feil måte å oppleva blomstringa i Hardanger på. Det er likevel nokre plassar som har fleire frukttre enn andre. Eit godt tips er fruktbygda Ulvik med den einaste frukt- og siderruta i Noreg. Her finst det også fleire gode overnattingsalternativ for dei som ynskjer fleire dagar i regionen.
Ein kjem heller ikkje utanom Sørfjorden. Denne delen av regionen har svært mange frukttre, og langs vegen kjem du svært tett på den eine frukthagen etter den andre. Spesielt Lofthus og langs Nasjonal Turistveg Hardanger skil seg ut som plassar ein bør oppleva under bløminga. Også her har ein fleire gode overnattingsalternativ i alle budsjettklassar.
Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg ...
Fruktstien. Idyllisk kulturlandskap for alle Startpunkt Fruktstien kan ein lett koma seg på frå mange plassar: Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim, Hardanger Vandrarheim, og ved daglegvarebu...
Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.
Det er fyrst på seinsommaren og hausten du kan kjøpa frukt direkte frå gardane eller på gardsmatbutikkane. Men det betyr ikkje at du ikkje får tak i lokalproduserte delikatesser også om våren. Då har nemleg gardane ganske fulle lager av eplemost og sider frå Hardanger. Eit godt tips er difor å ta turen innom ein eller fleire fruktgardar når du fyrst er i regionen.
Rett ved fjordkanten i Ulvik ligg Brakanes Hotel idyllisk til og nære attraksjonar og opplevingar i Hardangerfjord regionen. I gangavstand frå hotellet finn du for eksempel frukt- og siderruta med besøksgardar og Olav H....
Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk...
Det historiske hotellet Utne Hotel frå 1722 har vore i kontinuerleg drift sida det. Hotellet har berre 17 rom, der alle har individuelt, historisk interiør med særpreg og sjarm. Hotellet er perfekt for deg som ser etter ...
Blomstringa startar vanlegvis i midten av mai og varer i om lag tre til fire veker. Tidspunktet varierer frå år til år og er heilt avhengig av kor varm og solrik våren har vore. I tidlege år kan blomstringa starta allereie i byrjinga av mai, medan kalde vårsesongar kan skyva ho ut til byrjinga av juni. Rundt 17. mai er du nesten garantert å få med deg noko av blomstringa – i tidlege år er dei seinare eplesortane framleis i blomst, i seine år er plommer og moreller i full gang.
Blomstringa kan ikkje programmerast eit år i førehand. Det beste du kan gjera er å følgja Visit Hardangerfjord på Instagram (@visithardangerfjord), der me legg ut oppdateringar kvar vår. Du kan òg ta kontakt med lokale turistkontor i regionen for oppdatert informasjon. Hugs at blomstringa kjem i bølgjer – moreller og plommer kjem alltid fyrst, deretter pærer, og til slutt epletrea med det karakteristiske rosaskjæret.
Ein typisk blomstringsperiode varar tre til fire veker totalt, men det er ikkje slik at alle trea blomstrar samstundes. Takka vera at ulike tresortar blomstrar til ulike tider – moreller og plommer fyrst, så eple – kan den samla blomstringsperioden strekka seg over fem til seks veker. Det gjer Hardanger meir robust å planleggja enn til dømes japansk kirsebærblomstring, der alt skjer på éin gong.
Sørfjorden er kjernen – langs riksveg 13 mellom Odda og Hardangerbrua ligg frukthagane tett på tett, og du kjem svært nær trea frå vegen. Særleg Lofthus og Fruktstien der er rekna som ein av dei aller finaste plassane. Ulvik er òg ein favoritt, med Frukt- og siderruta som knyter saman tre gardar du kan vitja. I tillegg er Nasjonal Turistveg langs fv. 550 mellom Utne og Jondal verdt å nevna - med panoramautsikt over blomstrande fjellsider.
Ja, absolutt. Bergen ligg berre om lag 1,5 times køyring frå dei første frukthagane i Norheimsund og Øystese. Ein rundtur via Norheimsund–Lofthus–Ulvik–Voss er eit klassisk dagstursalternativ på rundt 250–300 km og kan gjerast komfortabelt på ein dag. For dei utan bil tilbyr fleire aktørar guida dagstursopplegg frå Bergen i blomstringssesongen.
Fruktstien i Lofthus er ein tilrettelagt vandrerute gjennom frukthagar med gardsutsal langs vegen, og det same kan seiast på vestsida av fjorden. Der kan du spasera mellom gardane og siderprodusentane Alde, Edel og Store Naa Siderkompani. Frukt- og siderruta i Ulvik gjev deg moglegheit til å vitja tre gardar, delta på smakingar og handla lokale produkt. Sjølv om frukt ikkje er mogen om våren, har gardane framleis lager av eplemost og sider frå fjoråret. Nasjonal Turistveg Hardanger (rv. 13 og fv. 550) er òg ein oppleving i seg sjølv under blomstringa.
Ja, det er ei av dei mest familievennlege naturopplevingane i Noreg. Fruktstien i Lofthus og Frukt- og siderruta i Ulvik er enkle og flate stiar som passar for alle aldrar. Du treng ikkje vera i god form eller ha spesialutstyr. Ein god tur i blomstrande frukthagar er tilgjengeleg for kven som helst.
Fossefall og blomstring er ein uslåeleg kombinasjon i Hardanger om våren. Steinsdalsfossen (der du kan gå bak fossen), Vøringsfossen og fossane i Husedalen er alle naturlege stoppunkt på ein blomstringsrunde. Fossane er på sitt kraftigaste om våren grunna snøsmelting. I tillegg er fjordkrysset frå Utne ein fin oppleving, og Nasjonal Turistveg Hardanger gjev deg panoramautsikt over Sørfjorden i full blomst.
Hardanger er frukthuvudstaden i Noreg og er heimstad for fleire hundre tusen frukttre. Det som gjer blomstringa unik, er kombinasjonen: rosa og kvite blomar mot snødekte fjelltopper, grøne lier og det blå vatnet i fjorden. Det er eit syn som har trekt besøkjande frå heile verda fleire hundre år. Frukttradisjonane i Hardanger går heilt tilbake til 1200-talet, då britiske munkar lærte lokale bønder å dyrka frukt.
Mai i Hardanger er vanlegvis ein av dei finaste månadane – med lange, lyse dagar og moderate temperaturar rundt 10–15 grader. Det kan framleis koma regn, men sjansen for godvêr er god. Snøen er framleis synleg på fjelloppane, noko som berre forsterkar det vakre kontrastbiletet.
Har du prøvd dei edle dråpane frå Hardanger? Les meir om korleis du kan oppleva sider frå Hardanger og læra meir om produksjon, kultur og historie!
Sjå alle