Nasjonal Turistveg Hardanger

Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Nettside

Om

Nasjonale turistveger er 18 utvalde køyreturar gjennom det finaste av norsk natur. To av dei utvalde strekningane er i Hardanger, Nasjonal turistveg Hardanger og Nasjonal turistveg Hardangervidda.

Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar. Denne ruta er 158 km lang, og er eit nettverk av fire strekningar: Granvin-Steinsdalsfossen (veg 79/49), Norheimsund- Tørvikbygd (veg 49) og Jondal-Utne (veg 550) og Kinsarvik- Låtefoss (veg 13). Det er ferjekryssingar mellom Jondal-Tørvikbygd, og mellom Kvanndal -Utne og Utne-Kinsarvik.

Ein tur langs Nasjonal turistveg Hardanger opnar for eit mangfald av opplevingar, og du bør ta deg tid til aktivitetar, attraksjonar og fotturar undervegs. Legg og gjerne inn overnatting, i Hardanger det overnattingsmoglegheiter for alle budsjett.

Langs dei Nasjonale turistvegane et det laga besøksanlegg og attraksjonar med fokus på arkitektur og landskap. I Hardanger bør du få med deg Steinsdalsfossen, Herand, Lussandberget og ein avstikkar til Skjervsfossen.

Om du ynskjer å oppleve Nasjonal turistveg Hardanger på sykkel anbefalast strekninga mellom Jondal og Utne (veg 550). Her er det rolegare biltrafikk, og du kjem svært tett på både fjord og frukthagar.

Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
0,00
*Pris frå