2 web Latefoss 0895
Vøringsfossen Bru Marvin 3
Steinsdalsfossen 09095
5 Nasjonal Turistveg Hardanger

Hardanger frå bilruta – roadtripen du aldri gløymer

Hardanger har ikkje berre éin – men to av Noregs vakraste roadtrips. Nasjonal Turistveg Hardanger og Nasjonal Turistveg Hardangervidda tek deg gjennom fjordlandskap, frodige frukthagar og buldrande fossar.

Fossefall, frukttre og fjell som stupar ned i fjorden. Nasjonal Turistveg Hardanger viser deg postkortlandskapet som kjenneteiknar regionen.

Nasjonal Turistveg Hardangervidda viser kontrastane i Hardanger på kort tid - frå dramatikken i Måbødalen til det opne høgfjellsplatået – med Vøringsfossen som eit høgdepunkt undervegs.

Kunst, arkitektur og natur i perfekt balanse – frå fjordkanten til fjellheimen. Langs vegane finn du rasteplassar og utsiktspunkt skapt for å bli hugsa – og fotografert.

I Hardanger-regionen er sjølve vegen ei reise du vil ta igjen - og igjen.

Opplev to av Noregs vakraste roadtrips i Hardanger – mellom fjord, fossar og frodige frukthagar.

rose

Når du køyrer bil i Hardanger, køyrer du ikkje berre frå A til B. Du køyrer mellom fjord og fonn, gjennom frukthagar og forbi buldrande fossefall. Du rullar gjennom landskap som har inspirert kunstnarar, diktarar og eventyrarar i generasjonar. Og det beste? Du treng ikkje ta omvegar for å oppleva det vakraste – du følgjer berre skilta som seier Nasjonal turistveg.

Hardanger-regionen har to av Noregs 18 nasjonale turistvegar: Nasjonal turistveg Hardanger og Nasjonal turistveg Hardangervidda. Kvar av dei har sin eigen karakter – den eine slyngjer seg mellom fjordarmar og frukttre, den andre løftar deg opp i høgfjellet. Her får du det beste frå to verdenar – og alt ligg til rette for ein roadtrip du seint vil gløyma.

Steinsdalsfossen 0669
rose

Nasjonal turistveg Hardanger slyngjer seg gjennom nokre av dei mest ikoniske landskapa i Noreg. Du køyrer mellom frukthagar, tradisjonsrike gardar, og bratte fjellsider som stuper rett i fjorden. Langs vegen opnar det seg den eine perla etter den andre – små bygder der kulturen sit i veggane, og utsiktspunkt der du får postkortlandskapet nesten inn i bilen. Tempoet er lågare på desse vegane – ikkje fordi du må, men fordi du vil. Du vil sjå, stoppa og fotografera. Du vil lata deg blenda av buldrande fossar og den unike naturen som gjer Hardanger til Hardanger.

Blomstring Nasjonal Turistveg Hardanger
rose

Regionen er forma av både naturen og menneska som har levd her i generasjonar. Fruktdyrking, båtbygging og industri har sett sine spor i landskapet – og dei blomstrande hagane du passerer er meir enn vakre motiv; dei er ein del av livsgrunnlaget. Samstundes er Hardanger ramma inn av fossar i verdsklasse – som Steinsdalsfossen, der du kan gå tørrskodd bak det brusande vatnet, og Låtefoss, den ikoniske tvillingfossen som sprutar over vegen. Her lever naturkrefter og kulturhistorie side om side, og langs vegen finn du arkitektoniske rasteplassar som inviterer deg til å stoppa, pusta og ta inn alt saman.

Nasjonal turistveg Hardanger er fordelt på fire delstrekningar: Granvin–Steinsdalsfossen, Norheimsund–Tørvikbygd, Jondal–Utne og Kinsarvik–Låtefoss, og utgjer til saman 158 kilometer med fjordnær og fotovennleg bilkøyring.

rose

Opplev kontrastane i landskapet langs Nasjonal Turistveg Hardangervidda. På få timar køyrer du frå det frodige fjordlandskapet i Eidfjord, opp dei smale hårnålssvingane i Måbødalen, og vidare over det opne høgfjellsplatået Hardangervidda – Nord-Europas største av sitt slag.

Høgdepunkt som Vøringsfossen, med si dramatiske gangbru og storslåtte utsikt, må berre opplevast. Det same gjeld opningen mot vidda – roleg, ope og uendeleg, med glitrande vatn og utsyn heilt til Hardangerjøkulen på klare dagar.

Dette er ruta for deg som likar dei store linjene. For deg som vil sjå naturens skiftande landskap – og oppleva korleis landskapet endrar seg frå fjordbløming til fjellvind.

Klar for tur? Pakk bilen, lad kameraet og følg skilta mot det vakraste Noreg har å by på.

rose

Praktiske tips og forslag

Planlegg fleire stopp – for i Hardanger er sjølve køyreturen ein del av opplevinga. Langs begge turistvegane finn du spektakulære utsiktspunkt, arkitektoniske rasteplassar, ulike fruktgardar med utsal, gode kaféar & restaurantar og unike overnattingar med utsikt mot fjord eller fjell.

Vegane er godt skilta, og det er lett å kombinera dei to strekningane til ein rundtur – med innlagte avstikkarar til attraksjonar som Trolltunga, Dronningstien, eller Kjeåsen. Det er mange måtar å reisa på – og ingen av dei er feil.

Sesong: Vegane er opne heile året, men sjekk alltid Statens Vegvesen for status på fjellovergangar

Attraksjonar & opplevingar langs vegen

Steinsdalsfossen
Attraksjoner

Steinsdalsfossen

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Fossanes dal
Attraksjoner

Fossanes dal

Oppdag Oddadalen langs RV 13, eit vakkert og urørt landskap med fossar som Tjørnadalsfoss, Strandfoss, Vidfoss, Espelandsfoss og den berømte Låtefossen. Perfekt for naturglade vandrarar med parkering nær hovudvegen.

Vøringsfossen
Attraksjoner

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Låtefoss
Attraksjoner

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Kjeåsen utsiktspunkt i Eidfjord
Attraksjoner

Kjeåsen utsiktspunkt i Eidfjord

Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.

Norsk Natursenter - Hardanger
Attraksjoner

Norsk Natursenter - Hardanger

Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter lokalisert i Øvre Eidfjord.

Hardanger Fartøyvernsenter
Attraksjoner

Hardanger Fartøyvernsenter

Opplev levande maritim historie på Hardanger Fartøyvernsenter med opne verkstader og kjekke familieaktivitetar.

Kraftmuseet
Attraksjoner

Kraftmuseet

Opplev Kraftmuseet i Tyssedal og få eit fascinerande innblikk i Noregs vasskraft- og industrieventyr, med aktivitetar for heile familien i vakker vestlandsnatur.

Hardangerbrua
Attraksjoner

Hardangerbrua

Hardangerbrua, som bind saman sørsida (ved Bu) og nordsida (ved Vallavik) av Hardangerfjorden er ei av dei ti lengste hengebruene i verda. Du kan kryssa brua gåande eller syklande, på eigen gang- og sykkel felt.

Hardanger folkemuseum
Attraksjoner

Hardanger folkemuseum

Hardanger Folkemuseum er ein del av Hardanger og Voss Museum og ligg på Utne. I hovudbygget kan du sjå utstillingar av hardangersaum, bunad og folkemusikk. I tillegg kan du også besøkja friluftsmuseum med historiske bygningar som høyrer til folkemuseet.

Skredhaugen
Attraksjoner

Skredhaugen

Friluftsmuseum stifta av kunstnaren Bernhard Greve. Bygningar og spennande bondeinteriør frå Hardanger. Utstillingar av folkekunst og kunst. Idyllisk tun med eigen geiteflokk. Gangavstand frå Lofthus. Hardanger o...

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum
Attraksjoner

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum

Kunsthuset Kabuso byr på skiftande utstillingar, konsertar og arrangement heile året. Opplev magiske lys i Hardanger Skyspace, og besøk Ingebrigt Vik-museet. Nyt kafeen med heimelaga mat og fantastisk utsikt.

Hardanger Skyspace
Aktiviteter

Hardanger Skyspace

Hardanger Skyspace er eit av dei kjente lysverka til den amerikanske kunstnaren James Turrell. Lysinstallasjonen er plassert rett ved fjordkanten i Øystese, like ved kunsthuset Kabuso. Innanifrå kan du nyta heilt spesielle soloppgangs og solnedgangsopplevingar.

Mikkelparken
Aktiviteter

Mikkelparken

Mikkelparken i Kinsarvik er perfekt for barn mellom 1-10 år! Her finn du vatnleikar, klatrejungel, dyrehage, tog og mykje meir.

Gullfiskvatnet
Attraksjoner

Gullfiskvatnet

Opplev det unike Gullfiskvatnet i Kvam – eit familievenleg område der du kan mata gullfiskar, nyta naturen og slappa av ved vatnet.

Hereiane - eit unikt, steinete landskap
Aktiviteter

Hereiane - eit unikt, steinete landskap

Ein tur gjennom unikt, steinete landskap med fantastisk utsikt ned til Herandbygda.

Fin rundtur ved Vøringsfossen
Aktiviteter

Fin rundtur ved Vøringsfossen

Rundtur ved Vøringsfossen, inkludert både gamlebrua og den spektakulære trappebrua.

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur
Aktiviteter

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Helleland Gard
Aktiviteter

Helleland Gard

Kjøp, smak og nyt eplemost & sider frå Hardanger hjå Helleland Gard på Lofthus. På garden kan du også booka deg sidersmaking med ost og spekemat.

Kunstsamlinga på Tyssedal Hotel
Attraksjoner

Kunstsamlinga på Tyssedal Hotel

Opplev historie og kunst i den historiske utstillinga med originalverk av Nils Bergslien og andre kjende kunstnarar. Bestill kunstvandring i resepsjonen på Tyssedal Hotel!

Lilletopp - Kraftmuseet
Aktiviteter

Lilletopp - Kraftmuseet

Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden.

Spildegarden
Aktiviteter

Spildegarden

Spildegarden i Øystese har produsert sider og eplemost i fire generasjonar. Her kan du smaka på prisbelønte produkt, lokale råvarer og oppleva eplesiderens kulturhistorie i vakre omgjevnader.

Trolltunga
Aktiviteter

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Sjå alle

Fleire reisetips