Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.
BookingVIKTIG INFORMASJON!
Kjeåsen er privat eigedom, og det er viktig at turistar viser omsyn ved å halde seg på stiane. Hundar skal haldast i band, og hundemøk og anna avfall må plukkast opp og kastast i avfallsbehaldar ved tunnelen.
Vegen opp til gården starter i Simadal, ca 8 km fra Eidfjord/Rv7. Bilvegen opp er 5 km lang, og består av ca 2,5 km serpentinveg, resten gjennom ein smal tunnel. Det er ikkje mogeleg å gå eller sykle gjennom denne tunnelen. Pga. smal veg er det innført timekøyring. Trafikk opp til Kjeåsen kvar heile time, trafikk ned frå Kjeåsen kvar halve time. Du kan også gå den fantastiske, men svært bratte, stien opp til Kjeåsen, start punkt ved Sima kraftverk, ca 1 - 1,5 time kvar veg.
PARKERING PÅ KJEÅSEN
På øvre del av parkeringsplassen, rett under bommen, er det parkering forbudt. Dette området er snuområde for bussar. Vennligst parker på dei dedikerte parkeringsområda.