Sæbø Camping

Sæbø Camping ligg i Øvre Eidfjord, vakkert plassert mellom vatn, elv og fjell – eit perfekt utgangspunkt for deg som vil oppleva Hardanger, Hardangervidda og mektig natur på nært hald.

Booking

Om

Mellom høge fjell, grøne enger og flotte fjellvatn finn du Sæbø Camping – ei familiebedrift med over 80 års historie, der fire generasjonar har ønskt velkomen til overnatting og naturopplevingar ved inngangsporten til Hardangervidda. Campingplassen ligg i Øvre Eidfjord, heilt nede ved Eidfjordvatnet og elva Bjoreio, og byr på store grøntareal, stille omgjevnadar og utsyn til dramatisk vestlandsnatur.

Campingplassen strekk seg over 45 mål med flatt og barnevenleg terreng, og har godt med plass for både bilar, telt, campingvogner og bubilar – totalt 100 plassar, 100 strømuttak og 8 sesongplassar. Sæbø Camping har framleis til gode å oppleva plassen som full, så førehandstinging er ikkje naudsynt. Dei har også alt frå enkle hytter til meir moderne med bad og fullt utstyrt kjøkken.

Fasilitetar og komfort

Her finn du alt du treng for eit behageleg opphald:

  • Resepsjon og kiosk med ferske rundstykker kvar morgon ved bestilling kvelden før
  • Toalett og varme dusjar
  • Kombinert familierom og HC-toalett med dusj
  • Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel
  • Oppvaskrom og campingkjøkken
  • Tømmerom for campingtoalett og avfallsvatn
  • Lekeplass for dei minste

Aktivitetar og opplevingar rett utanfor teltduken

Sæbø Camping er eit ideelt utgangspunkt for fjellturar på Hardangervidda, Måbødalen og Hjølmodalen. Her finst eit rikt utval av merka stiar, og resepsjonen sel både turkart og gjev gode råd til store og små fjelleventyr. For deg som vil på vatnet, leiger campingplassen ut båtar og kanoar for fiske- og oppdagingsferder på Eidfjordvatnet. Her kan du fiska etter røye, oppdrettslaks og sjøaure – og du får kjøpt fiskekort på staden.

I nærleiken finn du også fleire av Eidfjord sine store attraksjonar, som Norsk Natursenter Hardanger, Best Adventures, Vøringsfossen og Kjeåsen, berre for å nemna nokon.

Velkomen til Sæbø Camping!

Kart