Hardanger Fjordsafari - 60 minutters RIB tur

Hardanger Fjordsafari - 60 minutters RIB tur

Hardanger Fjordsafari tilbyr RIB båt turar frå Eidfjord. Her kan du vera med på kortare eller lengre fjord opplevingar der du kjem tett på naturen.

Booking

Om

Hardangerfjorden bør opplevast frå fjordsida. Hardanger Fjordsafari tar deg med på RIB-tur med start i Eidfjord. Dette er ei oppleving der du flyttar deg raskt i landskapet, men og stoppar opp slik at du kjem tett på naturen.  

Turen startar i Eidfjord hamn med påkledning og sikkerheitsgjennomgang. På fjorden vil båtføraren ta deg med til ulike stopp, og gjerne fortelje om det du ser. Eit av stoppa er den veglause staden Hotle, der det går geiter, dei brukar å komme til båten og helse på. Båtføraren veit og om faste stadar der det ofte er kobbe. I Eidfjord er det og eit rikt fugleliv, og med RIB kan du komme tettare på sjøfuglen. Det lurt å ha fotoapparatet lett tilgjengeleg!



Båtføraren tar deg gjerne med inn Simadalsfjorden. Innerst i denne fjordarmen ligg Sima vannkraftverk, eit av dei største kraftverka i Noreg. På dette stoppet får du høyre om produksjonen som føregår inne i fjellet, og korleis kraftverket høyrer saman med attraksjonar som Vøringsfossen, Hardangerjøkulen og Sysendammen. Naturen i Simadalsfjorden er vakker, med bratte fjellsider og fossar.

Midtfjords vil du ha utsyn mot Eidfjord, fjellgardane Kjeåsen og Skår, Hardangerjøkulen og Hardangerbrua. Eit alternativ til Simadalsfjorden er å køyre utover Hardangerfjorden og tettare på Hardangerbrua. Med eit hovudspenn på 1310 m, og ei samla lengde på 1380 m, er dette den lengste hengebrua i Noreg. Her kan båtføraren fortelje mykje spennande om byggeprosessen og dimensjonane. På denne strekninga passerer du og ein foss som kjem opp i båten på dagar med regn, og stadar langs fjorden med kulturhistorisk betydning.

Samla lengde på RIB-turen er ein time. Det er ikkje anledning til å vere innom både Simadalsfjorden og Hardangerbrua på same tur, ønska til passasjerane og vindtilhøva påverkar kvar turen går.

Faste avgangar i hovudsesongen kl. 10.00, 12.00,  14.00, 16.00, 18.00.

Sesong

Kart