Opplev Hardangerfjorden ved å bevega deg stille over vatnet. Best Adventures tar deg med på tur med havkajakk, og det er fleire turopplegg å velje mellom.
BookingDet er ei oppleving å bevege seg stille på Hardangerfjorden med vidt utsyn over fjord og fjell. Best Adventures tar deg med på tur med havkajakk, og det er fleire turopplegg å velje mellom.
Den klassiske 3 timars turen er mest populær. Alle turane startar frå Eidfjord sentrum og går inn Simadalsfjorden, ein smal fjordarm omkransa av bratte fjellsider. Her får du ei uforstyrra fjordoppleving i ein del av Hardangerfjorden som er lite trafikkert. På den guida 3 timars turen får du god tid til å nyte natur og dyreliv, og det er godt mogleg at du ser nise, sel og kanskje havørn!
Dei guida turane til Best Adventures passar både for dei med lite eller mykje kajakkerfaring, instruktørane viser deltakarane padleteknikk, og tilpassar turen til nivået.