Vil du la nokre andre ta seg av ferieplanlegginga? Sjekk ut ferdige pakkereiser frå Hardanger! Alle oppføringane på denne sida kjem frå seriøse aktørar som nyttar seg av alle dei ulike tilboda du finn i regionen.
Fjord Tours har skreddarsydd dei finaste Hardanger-rundturane med offentleg transport. Her kan du lena deg tilbake og oppleva det finaste Noreg har å by på - på ein berekraftig måte - frå tog, buss og båt. Dette er den mest populære Fjord Tours-turen gjennom Hardanger.
Ser du etter ein dagstur med offentleg transport frå Bergen til Hardanger? Go Fjords tilbyr daglege (april - oktober) utfluktar med buss og båt! Frå Bergen sentrum kjem du rett til turistbåten som tek deg med på eit minnerikt sightseeingcruise på vakre Hardangerfjorden. Topp denne opplevinga med ein ekskursjon til Vøringsfossen og Norsk Natursenter i Eidfjord.
Med Rødne sin ekspressbåt kjem du direkte frå Bergen sentrum til vakre Rosendal i munninga av Hardangerfjorden. Dette fjord-cruiset til Hardanger, som går kvar dag heile året, kan du tar som dagstur eller enkeltbillett. Gjennom sommaren kan du kombinera turen med eit besøk til Baroniet Rosendal - Skandinavias minste slott med ein berømt rosehage og variert kulturprogram.
For deg som har lyst til å oppleve vakre Hardangerfjorden frå sykkelsete - Discover Norway har eit komfortabelt tilbod, der ruta er ferdigpakka, overnatting undervegs er førehandsbooka og bagasjen din vert tatt hand om og transportert mens du syklar langs fjorden.
Hardangerfjorden rundt med sykkel, bagasjetransport og turleiar – dette er ei fantastisk oppleving som Expa Travel har sydd saman for deg! Med start- og sluttpunkt i Eidfjord, går denne rundturen gjennom store delar av regionen. Frå sykkelsete kjem du tett på fjordlandskapet. Dei ulike ferjekryssingane langs vegen gjev velfortente pusterom undervegs.
Store delar av Discovery Route sin pakketur frå Bergen til Stavanger går via Hardanger, og her er det mange spanande opplevingar som ventar på deg undervegs. Up Norway har samla og sydd saman dei beste opplevingane til ei 13-dagars oppdagelsesreise, krydra med Trolltunga Sunset/Sunrise-turen og sider frå Hardanger!