Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter lokalisert i Øvre Eidfjord.
BookingHer finner du tre etasjar med engasjerande utstillingar om norsk natur, klima og miljø, og en moderne kinosal der den spektakulære panoramafilmen «Fjord Fjell Foss» visast. Norsk Natursenter er også offisielt besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.
Norsk Natursenter er eit moderne aktivitets- og opplevingssenter for heile familien med fokus på norsk natur, klima og miljø. Her er det tre etasjar med spennande utstillingar, bygd opp som ein tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og frem til i dag. Her finn du engasjerande og lærerike opplevingar i form av interaktive stasjonar, bergartar, minerala, fossil, modellar, akvarium, temavideo og illustrasjonar. Du kan også ta ein nærmare titt på dyrelivet, naturen og klimaet, og utforske samspelet mellom natur og kultur. Ved å sjå på, røre, høyra og lære, vert du en aktiv og kreativ del av utstillinga.