Camping hardanger trolltunga camping
Camping i Hardanger - frå fjord til fjell

Camping ved fjord, foss og fjell i Hardanger

Camping i Hardanger er meir enn ein stad å sova. Det er morgonkaffi med utsikt over Sørfjorden, kveldsbad i eit av dei mange fjellvatna og teltturar i landskapet som har inspirert forfattarar og kunstnarar gjennom generasjonar.

rose

Hardanger er ein populær camping-region for både nordmenn og utanlandske turistar. Mellom Folgefonna i vest og Hardangervidda i aust ligg det ei rekkje campingplassar - dei fleste ved fjorden eller fjordarmar, eit par i fjellet, og fleire som ligg slik til at ein kan gå rett ut frå telt eller hytte og inn i nokre av landet sine mest kjende naturopplevingar. Ikoniske attraksjonar som Trolltunga, Vøringsfossen, Husedalen og Folgefonna er alle innan rekkevidde frå dei ulike campingplassane i regionen.

Sesongen strekkjer seg frå mai til september for dei fleste, med blomstringa i mai som ein eigen høgtid og høgsommaren juli-august som travlaste tid. Nokre campingplassar held ope heile året, mellom anna for skicamparar i Røldal og turfolk på Hardangervidda.

rose

Svært mange av campingplassane i Hardanger ligg i fjordkanten, anten direkte ved Hardangerfjorden eller ved ein av dei mange fjordarmane. Sørfjorden, Eidfjorden og Maurangerfjorden har alle eigne campingplassar - dei fleste med bryggje, badeplass eller utleige av båt og kano. Her finn du både små familiedrivne plassar og større feriesenter med hytter, leilegheiter og campingområde.

rose

Dei aller fleste campingplassane i Hardanger ligg ved fjorden, men to plassar skil seg ut ved å liggja høgt over havet, omgitt av fjell og vidde. Begge er opne heile året og gir tilgang til skiterreng om vinteren og fotturar om sommaren.

750 meter over havet på Hardangervidda, midt på Nord-Europas største høgfjellsplatå og berre tre kilometer unna Vøringsfossen, finn du Garen Camping. Den heilårsopne campingplassen med 28 hytter, eit stort campingområde, sauna, fellesrom og ein liten butikk er eit godt utgangspunkt for fotturar, jakt og fiske på vidda - og om vinteren for langrenn og alpint.

Også Seim Camping tek imot gjester heile året. Plassen ligg i fjellbygda Røldal ved Røldalsvatnet, omgitt av høge fjell og med eiga strandlinje. Tre heilårshytter med moderne fasilitetar, fire enklare campinghytter og oppstillingsplassar for telt og bubil utgjer tilbodet. Røldal Skisenter ligg like ved, og på tunet finst eit freda gravfelt frå jernalderen med 12 bevarte gravhaugar.

Camping hardanger bondhusbreen hardangerfjord
Camping hardanger fjellvatn saebo eidfjord
Camping ved hardangerfjorden hardanger sundal
rose

Campingplassar nær store turmål i Hardanger

For mange handlar valet av campingplass om kva ein vil oppleva i nærleiken. Hardanger har campingplassar som ligg strategisk plassert i forhold til regionen sine mest kjende turmål.

Trolltunga: Trolltunga Camping i Odda ligg nærast startpunktet, om lag 15 km unna. Shuttlebussen til Trolltunga går forbi campingplassen i høgsesongen. Hildal Camping ligg ti kilometer nord for Odda langs same vegen, og er eit enklare alternativ. Kinsarvik Camping ved Hardangerfjorden passar for dei som vil kombinera Trolltunga med Husedalen eller Dronningstien.

Vøringsfossen: Garen Camping ligg tre kilometer frå fossen, på Hardangervidda langs Rv 7. Sæbø Camping i Øvre Eidfjord er òg ein praktisk base, med kort køyretur til både Vøringsfossen og Hardangervidda Natursenter.

Folgefonna: Sundal Camping i Mauranger ligg i gangavstand til Bondhusdalen og inn mot Folgefonna nasjonalpark. Folgefonn Hytter og Gardscamping i Jondal ligg ved vegen opp til breen og er eit godt utgangspunkt for guida breturar.

Husedalen og Dronningstien: Kinsarvik Camping og Mikkelparken Ferietun ligg begge i Kinsarvik, med kort veg til startpunkta for både turen opp Husedalen til dei fire fossane og Dronning Sonja sin panoramatur.

For meir om dei einskilde turane kan du lesa meir på Trolltunga-sida vår, fossar-sida og fotturar-sida.

rose

For dei som vil eit steg nærare naturen finst det òg andre måtar å overnatta ute i Hardanger. Trolltunga Adventures og Trolltunga Active tilbyr begge guida turar med overnatting i private campar og glamping-domar oppe ved Trolltunga - inkludert turleiing, utstyr og mat. For dei som vil setja opp telt på eiga hand opnar allemannsretten for fri-camping i utmark, så lenge ein held minst 150 meter avstand frå nærmaste hus eller hytte og ikkje står lenger enn to netter på same stad utan løyve. Sjekk alltid etter skilting, og er du i tvil, kan du spørja næraste grunneigar eller ein lokal - dei fleste hardingar svarar gjerne om eit område er greitt å telta på.

Praktisk informasjon om camping i Hardanger

Sesong

Hovudsesongen er frå mai til september. Nokre campingplassar held ope heile året - sjå full oversikt over vintercamping. For meir om kva ein kan oppleva i Hardanger om vinteren, sjå vinter i Hardanger.

Booking

I juli og august, og i blomstringa i mai, er det lurt å bestilla på førehand. Hytter bør alltid sikrast i god tid. Utanom høgsesongen er det vanlegvis ledig kapasitet.

Pris

Camping i Hardanger finst i mange prisklassar, alt etter sesong, type plass og kva slags hytte eller telt-/bubilplass du vel. Mange campingplassar har ekstra avgifter for straum, dusj og tømming - sjekk kva som er inkludert i prisen.

Fasilitetar

Dei fleste campingplassane har sanitæranlegg, kjøkken, vaskerom og tømmestasjon for bubil. Dei større feriesentera har ofte òg leikeplass, badeplass, kano- eller båtutleige og gjestebrygge.

Ofte stilte spørsmål

Hovudsesongen for camping i Hardanger er frå mai til september, med juli og august som travlaste månader. Mange campingplassar opnar i samband med blomstringa i mai, og fleire held ope ut i oktober. Eit knippe campingplassar er opne heile året, men dette varierer frå år til år. Klikk her for full oversikt.

I juli og august er det lurt å bestilla på førehand, særleg ved dei populære plassane nær Trolltunga, Vøringsfossen og Hardangerbrua. Utanom høgsesongen er det vanlegvis ledig kapasitet, sjølv om hytter alltid bør sikrast i god tid. Det varierer frå plass til plass kor tidleg ein må vera ute.

Nokre campingplassar i Hardanger held ope heile året, men dette varierer frå år til år. Klikk her for full oversikt. Hardanger er eit av få område i Noreg der ein kan campa nær både fjord og høgfjell midt på vinteren - i Røldal og på Hardangervidda er det også gode skiforhold like utanfor campingplassen.

Dei fleste campingplassane i Hardanger har tømmestasjon for bubil og campingvogn på området, ofte tilgjengeleg for ein moderat avgift også for dei som ikkje overnattar. I tillegg finst det offentlege tømmestasjonar i fleire av tettstadene, mellom anna i Odda. Det er verdt å vita at Hildal Camping i Oddadalen ikkje har eige tømmeanlegg, men viser vidare til havna i Odda.

Trolltunga Camping i Odda ligg nærast startpunktet for fotturen, om lag 15 km unna, og shuttlebussen til Trolltunga går forbi campingplassen i høgsesongen. Hildal Camping ligg langs same vegen, ti kilometer nord for Odda sentrum, og er eit enklare alternativ for dei som ønskjer ein roleg base i Oddadalen. Kinsarvik Camping ved Hardangerfjorden er òg eit godt utgangspunkt, særleg for dei som vil kombinera Trolltunga med ein tur i Husedalen eller Dronningstien.

Ja, men dei er få. Garen Camping ligg på sjølve Hardangervidda langs Rv 7, 750 moh ved elva Bjoreio og berre tre kilometer frå Vøringsfossen. Seim Camping ligg i fjellbygda Røldal ved Røldalsvatnet, omgitt av høge fjell og nær Røldal Skisenter. Folgefonn Hytter og Gardscamping i Jondal ligg ikkje i fjellet sjølv, men ved vegen opp til Folgefonna og er eit godt utgangspunkt for guida turar på isbreen.

Mikkelparken Ferietun i Kinsarvik er ein opplagd familiefavoritt, sidan aktivitetsparken Mikkelparken ligg rett over vegen og campingplassen har oppvarma utebasseng. Sundal Camping ved Maurangerfjorden har leikeplass, badeplass og eit lite gardsbruk med kyr og sauer borna kan besøka. Trolltunga Campingi Odda har brygge for bading i Sandvinvatnet og leiger ut kano og SUP-brett.

Utforsk meir av Hardanger

Blomstring i Hardanger
 

Blomstring i Hardanger

Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.

Fotturar i Hardanger
 

Fotturar i Hardanger

Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Oksen. Det manglar ikkje på kjende fotturar i Hardanger. Her i regionen finn du nemleg fleire av dei mest populære og fantastiske fotturane i heile Noreg.

Matopplevingar i Hardanger
 

Matopplevingar i Hardanger

Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke.

Barne- og familieferie i Hardanger
 

Barne- og familieferie i Hardanger

Utforsk Hardanger på ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.

Opplev kulturen i Hardanger - museum, kunst og historie langs fjorden
 

Opplev kulturen i Hardanger - museum, kunst og historie langs fjorden

Kultur i Hardanger er meir enn museum. Her finn du kunst, historie og levande tradisjonar - frå trebåtbygging og hardingfele til konsertar og lyskunst.

Slik opplever du Trolltunga
 

Slik opplever du Trolltunga

I Hardanger finn du den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Når du står på platået og svevar 700 meter over Ringedalsvatnet, er det lett å forstå kvifor turistar frå heile verda kjem for å oppleva Trolltunga.

Fossar i Hardanger
 

Fossar i Hardanger

Hardanger-regionen blir kalla «the kingdom of waterfalls», og det er ikkje utan grunn. I Hardanger finn du fleire av dei mest spektakulære fossane i heile Noreg.

Sider frå Hardanger
 

Sider frå Hardanger

Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.

Fjordopplevingar i Hardanger
 

Fjordopplevingar i Hardanger

Fjordsafari med gardsbesøk, private fjordcruise, fartsfylte ribbåtturar og meditativ kajakkpadling - Med 179 km fjord er det opplevingar i fleng å utforske på Hardangerfjorden.