Trolltunga Camping

Trolltunga Camping i Odda ligg idyllisk til mellom nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna, med nærleik til Trolltunga, Hardangerfjorden, fossar og spektakulær natur.

Booking

Om

Trolltunga Camping ligg idyllisk til mellom to nasjonalparkar - Hardangervidda med Trolltunga og Folgefonna med breen.

Dette er ein ideell base for turen til Trolltunga. Her kan ein slappa av i fredelege omgjevnader ved brevatnet Sandvinvatnet, med nærleik til naturen.

Campingplassen ligg inst i Oddadalen, eit område kjent for sine mange spektakulære fossefall og høge fjell. Det er berre 2 km til Hardangerfjorden og Odda sentrum. Til startpunktet for Trolltunga-turen er det 15 km, anten med bil eller med Trolltunga Shuttlebus i høgsesongen. Det er 5 km til Buer, der stien startar opp til Buarbreen, ein brearm frå Folgefonna. Til den kjende tvillingfossen Låtefoss er det om lag 6 km.

Trolltunga Camping kan gjester ta del i ei rekkje aktivitetar og opplevingar. Det nye bryggeområdet er perfekt for eit bad, og det er mogleg å leiga kano eller SUP-brett, eller berre nyta rolege stunder ved vatnet med flott utsikt over Odda. Campingplassen tilbyr leilegheiter, hytter, rom og sanitæranlegg. Det er mogleg å førehandstinga plass for telt, eller oppstillingsplass for bubilar med straum og grasunderlag.

Aktiviteter
Annen overnatting
Camping og hytte
Generelle fasiliteter
Handikap
Kjøkken og hushold
Natur og terreng
Rabatter
Romfasiliteter
Sesong
Sportsaktiviteter
Utleie

Kart