Trugetur med Trolltunga Active

Opplev Hardanger sine kjende destinasjonar i vinterdrakt på trugetur saman med Trolltunga Active sine guidar; fjord, fjell, foss og bre er noko av det du får sjå på denne turen mens du vandrar i snøen på truger.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Hardanger er full av flotte attraksjonar og fantastisk utsikt. Å ta på seg truger for å oppleve dei kjende destinasjonane i vinterdrakt er verkeleg ei unik oppleving. Trolltunga Active sine erfarne guidar tar deg med på eit slik eventyr; dette kan for eksempel vera til Dronningstien, Oksen eller Husedalen.

Du treng ikkje bekymre deg for tidlegare erfaring, for guidene rettleiar deg hele vegen om korleis du skal bruke turutstyret – leige av truger, spikes og gåstavar er inkludert i prisen. Samtidig vil me vise deg dei mest fantastiske utsiktspunkta på vegen, fortelje om dei unike historiane i området, sørge for at me får ein trygg og flott tur, og er fotografen din slik at me kan fange oppbåde dei store og små augneblinka på turen din.

Gradering
Sesong

Kart