Elvestien langs Opo

Elvestien langs Opo er ein flott nærtur i Odda som passar for alle. Turen går på grusveg frå fjordkanten til Sandvinvatnet og byr på variert landskap langs vegen.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Dersom du er ute etter ein enkel nærtur i Odda er Elvestien eit lett tilgjengeleg alternativ. Det er opp til deg kva ende du startar i; stien går mellom fjorden og Sandvinvatnet og kan gjerast lengre dersom ein ønskjer det. I denne omtalen er det teke utgangspunkt i at ein startar frå fjorden og går oppover mot Sandvinvatnet, men vanskegraden er ganske lik uansett kvar ein startar.

Du kan parkere i sentrum ved kyrkja (Almerket). For å kople deg på elvestien kan du enten gå mot bubilparkeringa  ved fjordkanten, eller gå over gangbrua som du ser frå parkeringsplassen. 

Mesteparten av turen går langs elva Opo, som flauma over i 2014. Storflaumen førte til enorme skadar i Odda, og elvestien vart bygd som eit sikringstiltak etter flaumen. I dag er grusvegen til stor glede for lokalsamfunnet og andre som ønskjer å gå ein nærtur i Odda. Det er lys heile vegen, noko som gjere dette til ein ypperleg tur heile året!

Turen tar om lag 30-45 minutt ein veg, avhengig av tempo og fotostopp. Langs vegen passerar du den nedlagde industritomta Smelteverket. Her heng det skilt som omhandlar historia til smelteverket, og du kan såleis ta ein liten sjølvguida runde på tomta.

Det er ein oppoverbakke på turen, og på toppen av den blir du lønna med flott utsikt over Odda, fjorden og fjella. Her finn du eit par benkar dersom du vil ta ein pust i bakken og nyte utsikta.

Vidare kryssar du Riksveg 13 ved gangfeltet og følgjer gangvegen mot Sandvinvatnet. Her fortset grusvegen langs vatnet fram til Trolltunga Camping. Det er fleire benkar og fotopunkt her, og ved Trolltunga Camping går du forbi Noregs største stein. På ei lita høgde ovanfor campingen finn du friluftsområdet Hovden.

Du kan gå same veg tilbake eller velje ein anna veg. Eit tips er å krysse brua over til Trolltunga Hotel og følgje vegen frå Mannsåker og nedover mot Hjøllo. Då går du parallelt med Elvestien, men på andre sida av Opo. Ved Mannsåker er det og mogleg å gå kulturstien. Då følgjer du stien som går opp bakkane mot skogen og følgjer merking og skilting tilbake til sentrum. Då går turen meir i skogsterreng, kan ha blaute parti og blir meir krevjande. 

Sesong: heile året
Totalt tidsbruk: 1-1,5 time 
Vanskegrad: Grøn, enkel tur

Gradering
Sesong

Kart